A A A A A

Synder: [Misunne]


1 Korintierne 13:4
Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

Galaterne 5:26
Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.

Jakobs 3:14-16
[14] Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.[15] Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.[16] For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.

Romerne 1:29
Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder

1 Peters 2:1
Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,

Galaterne 5:19-21
[19] Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,[20] avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar,[21] misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

Titus 3:3
For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vill og var slavar under mange slag lyster og ønske. Vi levde i vondskap og misunning, vi vart hata, og vi hata kvarandre.

1 Timoteus 6:4
er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar

Jakobs 3:14-16
[14] Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.[15] Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.[16] For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.

1 Peters 2:1-2
[1] Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,[2] og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.

Filippenserne 1:15
Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje.

1 Timoteus 6:4-5
[4] er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar[5] og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

Romerne 1:28-32
[28] Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.[29] Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder[30] og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra.[31] Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn.[32] Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Galaterne 5:19-26
[19] Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,[20] avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar,[21] misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.[22] Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,[23] audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot![24] Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene.[25] Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden.[26] Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.

Jakobs 3:14-15
[14] Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.[15] Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.

Salomos Ordsprog 14:30
Eit friskt hjarte gjev kroppen liv, sjalusi er som verk i knoklane.

Jobs 5:2
Uro tek livet av den dumme, sinne drep den godtruande.

Predikerens 4:4
Eg såg at alt strev og all dugleik kjem av at den eine misunner den andre. Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

Salomos Ordsprog 3:31
Misunn ikkje ein valdsmann! Hans vegar må du aldri velja.

Salomos Ordsprog 23:17
Ditt hjarte skal ikkje misunna syndarar, men alltid med iver frykta HERREN!

Salomos Ordsprog 24:1
Misunn ikkje vonde menneske, lengt ikkje etter å vera saman med dei!

Jobs 5:2-3
[2] Uro tek livet av den dumme, sinne drep den godtruande.[3] Eg såg den dumme slå rot, men brått måtte eg forbanna bustaden hans.

Salomos Ordsprog 27:4
Harmen er grufull, vreiden er ein flaum, men kven kan stå seg mot sjalusi?

1 Korintierne 3:3
for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?

Romerne 13:13
Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning.

Matteus 27:18
For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.

Apostlenes Gjerninge 13:45
Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte.

Salmenes 37:1
Av David. Alef א Bli ikkje sint på valdsmenn, misunn ikkje dei som gjer urett!

Apostlenes Gjerninge 7:9
Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han

Markus 15:10
For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han.

Apostlenes Gjerninge 17:5
Då vart jødane brennande harme, og dei fekk med seg nokre tvilsame karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit oppløp som sette heile byen på ende. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folket.

Jakobs 4:5
Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?

1 Mosebok 26:14
Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han.

Johannes 8:32
Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Salmenes 73:3
For eg var misunneleg på dei hovmodige, eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.

Esaias 26:11
HERRE, di hand er lyft, men ingen ser det. Dei skal sjå din lidenskap for folket og skjemmast. Eld skal fortæra motstandarane dine!

Esekiel 35:11
Difor, så sant eg lever, seier Herren GUD: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg.

2 Mosebok 20:17
Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

1 Timoteus 3:15
Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.

Esters 5:13
Men alt dette er ikkje verdt noko for meg så lenge eg må sjå jøden Mordekai sitja i slottsporten.»

Galaterne 5:1
Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket.

Judas 1:24
Han som har makt til å verna dykk mot fall og føra dykk jublande og utan feil fram for sin herlegdom,

Salmenes 73:17-20
[17] heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom; då skjøna eg kva framtid dei får.[18] Ja, du fører dei ut på glatte vegar, du får dei til å falla og bli knuste.[19] Brått går dei til grunne, det er slutt, dei endar i redsle.[20] Dei er som ein draum når ein vaknar. Du foraktar synet av dei når du reiser deg, Herre.

1 Mosebok 31:1
Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Jakob har teke alt det far vår eigde. Denne rikdomen har han skaffa seg av det som høyrde far vår til.»

4 Mosebok 16:3
No samla dei seg mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Heile forsamlinga, alle saman, er heilage, og HERREN er midt iblant dei. Kvifor vil de då setja dykk over HERRENS forsamling?»

Salmenes 106:16
Dei vart misunnelege på Moses i leiren og på Aron, HERRENS heilage.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)