A A A A A

Synder: [Utsettelse]


1 Korintierne 14:40
Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!

Predikerens 9:10
Alt du kan gjera med hendene, gjer det med den krafta du har. For i dødsriket, dit du går, er det korkje gjerning eller tanke, korkje kunnskap eller visdom.

Predikerens 11:4
Den som aktar på vinden, får ikkje så, den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.

Galaterne 6:9
Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.

Hebreerne 12:11
All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

Hebreerne 10:12
Men Jesus har for alltid bore fram eit einaste offer for synder og sett seg ved Guds høgre hand.

Jakobs 4:17
Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.

Johannes 9:4
Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.

Lukas 12:35
Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!

Lukas 12:40
Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»

Matteus 6:33
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Filippenserne 4:13
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Salomos Ordsprog 10:4
Lat hand gjer fattig, men flittige hender gjer rik.

Salomos Ordsprog 12:24-25
[24] Flittig hand får herska, latskap leier til slavekår.[25] Uro i hjartet tyngjer mannen, eit godt ord gjer han glad.

Salomos Ordsprog 13:4
Den late får ikkje det han trår etter, men flittige får i overflod.

Salomos Ordsprog 14:23
Alt strev fører vinning med seg, tomt snakk gjev berre tap.

Salomos Ordsprog 18:9
Den som forsømer arbeidet sitt, er bror til den som øydelegg.

Salomos Ordsprog 20:4
Den late vil ikkje pløya om hausten, han ventar avling, men får inga.

Salomos Ordsprog 21:17
Den som elskar fest, blir fattig, den som elskar vin og olje, blir aldri rik.

Salomos Ordsprog 27:1
Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen, for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.

Romerne 7:20-21
[20] Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.[21] Så finn eg altså at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.

Efeserne 5:15-17
[15] Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske,[16] så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde.[17] Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje.

Lukas 9:59-62
[59] Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»[60] Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»[61] Det var ein annan òg som sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei der heime.»[62] Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike.»

Salomos Ordsprog 24:30-34
[30] Eg gjekk forbi ein lat manns åker, langs vinmarka til eit menneske utan forstand.[31] Sjå, der var det fullt av nesler, grunnen var overgrodd med tistlar, og steingjerdet var nedrive.[32] Eg la merke til dette og la meg det på hjartet, eg tok lærdom av det eg såg.[33] «Litt søvn, litt kvile med hendene i fanget,[34] så kjem fattigdomen på deg som farande fant og nauda som velvæpna mann.»

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)