A A A A A

Synder: [Grådighet]


1 Johannes 2:16
For alt her i verda — lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig — det er ikkje av Far, men av verda.

2 Korintierne 9:7
Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.

Predikerens 5:10
Dess større eigedom, dess fleire som skal leva av han. Kva gagn har eigaren av det, anna enn at han får meir å sjå på?

Hebreerne 13:5
Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

Lukas 12:15
Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

Matteus 6:24
Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Salomos Ordsprog 11:28
Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige veks fram som lauvet.

Salomos Ordsprog 13:11
Lettvunnen rikdom minkar snart, den som samlar jamt og trutt, får mykje.

Salomos Ordsprog 14:31
Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar, den som hjelper den fattige, ærar Gud.

Salomos Ordsprog 15:27
Den som jaktar på vinning, set huset over styr, den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.

Salomos Ordsprog 20:21
Ein arv som ein riv til seg for tidleg, gjev inga velsigning til slutt.

Salomos Ordsprog 22:1-9
[1] Godt namn er meir verdt enn stor rikdom, respekt er betre enn sølv og gull.[2] Rik og fattig møtest, HERREN har skapt dei begge.[3] Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg, dei vitlause går på og får si straff.[4] Å vera audmjuk og frykta HERREN gjev rikdom, ære og liv.[5] På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer, den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.[6] Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal.[7] Den rike er herre over dei fattige, den som låner, blir slave under långjevaren.[8] Den som sår urett, haustar vondskap, riset han bruker i sinne, blir øydelagt.[9] Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna, for han deler sitt brød med den fattige.

Salomos Ordsprog 28:22-25
[22] Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom, han skjønar ikkje at han kjem til å lida naud.[23] Den som viser nokon til rette, får sidan større takk enn den som har ei glatt tunge.[24] Den som plyndrar far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd», han er jamgod med øydeleggjaren.[25] Den grådige valdar trette, den som stolar på HERREN, blir mett.

1 Peters 5:2-3
[2] Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.[3] Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken.

1 Korintierne 4:11-13
[11] Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring[12] og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.[13] Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle — til denne dag.

1 Timoteus 6:6-19
[6] Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.[7] For tomhendte kom vi inn i verda, og tomhendte må vi fara herifrå.[8] Har vi mat og klede, skal vi vera fornøgde med det.[9] Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.[10] For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.[11] Men du, Guds menneske, hald deg borte frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn![12] Strid den gode striden i trua og grip det evige livet som du er kalla til, det som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.[13] Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus:[14] Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem.[15] Det skal han la oss få sjå i si tid, den sæle og einaste herskaren, kongen over kongane og herren over herrane,[16] den einaste som er udødeleg, som bur i eit lys dit ingen kan koma, han som ikkje noko menneske har sett, og ingen kan sjå. Han vere ære og evig makt! Amen.[17] Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det.[18] Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre.[19] Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.

Jakobs 5:1-6
[1] Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk![2] Rikdomen dykkar har rotna, og kleda er mølletne;[3] gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida![4] Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.[5] I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.[6] Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)