A A A A A

Liv: [Vers for kvinner]


Salmenes ௪௬:௫
Det finst ei elv med bekker som gleder Guds by, den mest heilage bustaden til Den høgste.

Salmenes ௧௩௯:௧௪
Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga. Underfulle er dine verk, det veit eg godt.

1 Timoteus 3:11
På same måten skal kvinnene vera ærbare, ikkje fara med sladder, men vera edruelege og pålitelege i alt.

1 Korintierne 11:12
For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.

1 Korintierne 15:10
Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

Lukas 1:45
Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Salomos Ordsprog 11:16
Ei elskeleg kvinne vinn ære, dei flittige vinn rikdom.

Salomos Ordsprog 14:1
Den vise kvinna byggjer huset, den dumme riv det ned med eigne hender.

Salomos Ordsprog 19:13
Ein uvitug son er ei ulukke for far sin, kvinnetrette er som stadig takdrop.

Salomos Ordsprog 21:9
Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus med trettekjær kvinne.

Salomos Ordsprog 21:19
Betre å bu i ørkenlandet enn med ei sint og trettekjær kvinne.

1 Peters 3:1-2
[1] På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne — ikkje med ord, men med det livet kona lever,[2] når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.

Efeserne 5:22-23
[22] de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv.[23] For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin.

Salomos Ordsprog 31:16-17
[16] Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det; for det ho har tent, plantar ho ei vinmark. Het ח[17] Styrke er beltet ho har om livet, ho tek i med sterke armar. Tet ט

Titus 2:3-5
[3] Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,[4] så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,[5] leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.

1 Mosebok 2:18-24
[18] Då sa HERREN Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.»[19] Og HERREN Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn.[20] Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.[21] Då lét HERREN Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt.[22] Av sidebeinet HERREN Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.[23] Då sa mannen: «No er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken.»[24] Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

1 Timoteus 2:9-15
[9] På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede,[10] men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig.[11] Når ei kvinne tek imot læra, skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt.[12] Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille.[13] For Adam vart skapt først, og så Eva.[14] Og det var ikkje Adam som lét seg lokka. Men kvinna lét seg lokka og braut bodet.[15] Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen — berre dei viser forstand og held fast på tru, kjærleik og helging.

Salomos Ordsprog 31:1-31
[1] Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.[2] Min son, du son som eg bar, min lovnads-son:[3] Gjev ikkje di kraft til kvinner, ditt liv til det som øydelegg kongar.[4] Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin eller for fyrstar å trå etter sterk drikk.[5] Då vil dei drikka og gløyma lovboda og fordreia retten for alle undertrykte.[6] Men gjev sterk drikk til den som går til grunne, og vin til den som er bitter til sinns.[7] Lat han drikka og gløyma sin fattigdom så han ikkje meir hugsar si naud.[8] Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala, før saka for dei som held på å bukka under.[9] Lat opp din munn og døm rettferdig, lat hjelpelause og fattige få sin rett! Alef א[10] Ei dugande kone, kven finn vel henne? Langt meir enn perler er ho verd. Bet ב[11] Mannen lit på henne i sitt hjarte, og vinning manglar han ikkje. Gimel ג[12] Ho gjer berre godt mot han, ikkje noko vondt så lenge ho lever. Dalet ד[13] Ho skaffar seg ull og lin, hendene arbeider med liv og lyst. He ה[14] Ho er som handelsskipa, ho skaffar mat langt bortanfrå. Waw ו[15] Før det lysnar av dag, er ho oppe, gjev huslyden mat og set tenestejentene i arbeid. Zajin ז[16] Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det; for det ho har tent, plantar ho ei vinmark. Het ח[17] Styrke er beltet ho har om livet, ho tek i med sterke armar. Tet ט[18] Ho merkar at forretningane går godt, lampa hennar sloknar ikkje om natta. Jod י[19] Ho legg hendene på rokken, og fingrane grip om teinen. Kaf כ[20] Ho opnar handa for den som lid naud, retter hendene ut til den fattige. Lamed ל[21] Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine, for alle i huset har ekstra klede. Mem מ[22] Ho lagar sine eigne teppe, ho har klede av lin og purpur. Nun נ[23] Mannen hennar er akta i byporten, der han sit med dei eldste i landet. Samek ס[24] Ho lagar linklede som ho sel, og sender belte til kjøpmannen. Ajin ע[25] Styrke og vørdnad er hennar klednad, ho ler mot komande dagar. Pe פ[26] Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga. Tsade צ[27] Ho ser etter korleis det går i huset, og et ikkje latskaps brød. Qof ק[28] Borna stig fram og prisar henne lukkeleg, mannen gjev henne ros: Resj ר[29] «Mange kvinner har vist at dei er dugande, men du overgår dei alle.» Sjin ש[30] Ynde sviktar, og venleik forgår, men ei kvinne som fryktar HERREN, skal ha ros. Taw ת[31] Pris henne for frukta av arbeidet hennar, gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)