A A A A A

Liv: [Kjønn]


2 Korintierne 12:21
Ja, eg er redd min Gud på nytt skal audmjuka meg mellom dykk når eg kjem og må sørgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all den ureinskap, hor og skamløyse dei har drive med.

Efeserne 5:3
Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.

Efeserne 5:33
Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.

Galaterne 5:19
Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,

1 Mosebok 2:24
Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

Hebreerne 13:4
Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

1 Korintierne 6:9
Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med,

1 Korintierne 6:18
Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.

1 Johannes 1:9
Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Matteus 5:28
Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt.

Markus 7:22-23
[22] ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd.[23] All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

1 Tessalonikerne 4:3-5
[3] For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor.[4] Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,[5] ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.

Markus 10:6-9
[6] Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.[7] Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,[8] og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.[9] Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

Salomos Ordsprog 5:15-19
[15] Drikk vatn av din eigen brønn, det som flyt frå di eiga kjelde![16] Skulle kjeldene dine renna ut som rennande vatn på torga?[17] Dei skal vera berre for deg og ikkje delast med framande.[18] Velsigna vere di eiga kjelde! Gled deg over din ungdoms kvinne,[19] ei lysten hind, ei smidig fjellgeit. Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst, lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!

1 Korintierne 13:4-8
[4] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[5] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[6] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[7] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.[8] Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.

Salomos Høisang 7:6-12
[6] Så vakker du er, så nydeleg, du som eg elskar, full av lyst![7] Du er høg som palmen, og brysta dine er som drueklasar.[8] Eg seier: Eg skal opp i den palmen, gripa tak i dei greinene. Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken, din ande som angen av eple[9] og ganen som den finaste vin, som lett går ned hos kjærasten min, som glir over leppene mine og tennene![10] Eg høyrer kjærasten til, og til meg står hans trå.[11] Kom, kjærasten min! Lat oss gå ut på marka! Vi overnattar mellom hennabuskar.[12] Ved daggry går vi til vinmarkene, ser om vinstokken har sett nye skot, om blomeknoppane har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik.

1 Korintierne 6:13-20
[13] Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen.[14] Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.[15] Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå![16] Eller veit de ikkje at den som held seg til ei hore, er éin kropp med henne? For det er sagt: Dei to skal vera éin kropp.[17] Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.[18] Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)