A A A A A

Liv: [Streve]


Johannes 14:6
Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.

Jakobs 1:12
Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.

Johannes 6:54
Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

Johannes 11:25-26
[25] Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.[26] Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

Johannes 6:51
Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»

Apenbaring 21:27
Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.

Salmenes 27:1-4
[1] Av David. HERREN er mitt lys og mi frelse, kven skulle eg ottast? HERREN er eit vern for mitt liv, kven skulle eg frykta?[2] Når valdsmenn og fiendar nærmar seg or å sluka meg, då snublar dei og fell dei sjølve.[3] Om ein hær vil slå leir mot meg, er mitt hjarte utan frykt. Om krigen trugar, endå er eg trygg.[4] Eitt bed eg HERREN om, dette ønskjer eg: å få bu i HERRENS hus alle mine dagar, så eg kan sjå HERRENS venleik og vera i hans tempel.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)