Instagram
English
A A A A A

Liv: [Ekteskap]
Hebreerne 13:4
Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

Salomos Ordsprog 18:22
Den som finn ei kone, finn lukka; han har vunne velvilje hos HERREN.

1 Mosebok 2:24
Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

1 Korintierne 13:4-7
[4] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[5] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[6] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[7] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Johannes 14:27
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Salomos Ordsprog 21:9
Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus med trettekjær kvinne.

Salomos Ordsprog 19:14
Hus og eigedom er arv frå fedrane, ei forstandig kone er ei gåve frå HERREN.

1 Peters 3:7
Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.

2 Korintierne 6:14
Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)