A A A A A

Liv: [Helse]


1 Korintierne 6:19-20
[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

3 Johannes 1:2
Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.

1 Korintierne 10:31
Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

1 Timoteus 4:8
For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

Salomos Ordsprog 17:22
Glede i hjartet gjev god helse, mismot tærer på kroppen.

Salomos Ordsprog 31:17
Styrke er beltet ho har om livet, ho tek i med sterke armar. Tet ט

Efeserne 5:18
Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden

Salomos Ordsprog 20:1
Vinen er ein spottar, sterk drikk er ein skrålhals, vitlaus er den som ravar i rus.

5 Mosebok 7:12-15
[12] Dersom de høyrer desse lovene, held dei og gjer etter dei, skal HERREN din Gud halda fast ved si pakt og sin kjærleik som han med eid lova fedrane dine.[13] Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.[14] Velsigna skal du vera framfor alle andre folk. Hos deg skal ingen vera ufruktbare, korkje menn eller kvinner eller nokon av husdyra dine.[15] HERREN skal halda all sjukdom borte frå deg. På deg skal han ikkje leggja nokon av dei vonde farsottene som du kjenner frå Egypt, men han skal leggja dei på alle som hatar deg.

Jeremias 33:6
Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei.

Apostlenes Gjerninge 27:34
Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.»

5 Mosebok 28:53
Og i trengsla og nauda som fienden fører over deg, skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene som HERREN din Gud har gjeve deg.

3 Mosebok 11:1-4
[1] HERREN sa til Moses og Aron:[2] Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda:[3] Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.[4] Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;

Apenbaring 14:12
Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.

Salomos Ordsprog 16:24
Venlege ord er drypande honning, søte for sjela og sunne for kroppen.

Salomos Ordsprog 4:20-22
[20] Son min, lytt når eg talar, vend øyret til mine ord![21] Slepp dei aldri av syne, gøym dei djupt i hjartet![22] Dei er liv for den som finn dei, og gjev helse til heile kroppen.

Salomos Ordsprog 3:7-8
[7] Ver ikkje vis i eigne auge, frykt HERREN og vend deg bort frå det vonde![8] Det blir til helse for kroppen, ein styrkedrikk for merg og bein.

2 Mosebok 15:26
Han sa: «Om du fullt og heilt lyder røysta til HERREN din Gud og gjer det som rett er i hans auge, lyttar til boda hans og held alle forskriftene hans, då skal eg ikkje leggja på deg alle dei sjukdomane eg la på egyptarane. For eg, HERREN, er den som lækjer deg.»

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)