A A A A A

Liv: [Finne kjærlighet]


Johannes 3:16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

1 Johannes 4:8
Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.

Johannes 15:3
De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.

1 Korintierne 13:13
Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

1 Peters 4:8
Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

1 Johannes 4:7
Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.

1 Korintierne 13:4-8
[4] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[5] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[6] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[7] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.[8] Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.

Efeserne 5:25
Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

1 Johannes 4:19
Vi elskar fordi han elska oss først.

Romerne 5:8
Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.

Johannes 14:15
Elskar de meg, så held de boda mine.

1 Johannes 4:10
Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

Kolossenserne 3:14
Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.

1 Korintierne 16:14
Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!

2 Timoteus 2:22
Legg ungdomslystene bak deg. Jag etter rettferd, truskap, kjærleik og fred, saman med dei som kallar på Herren av eit reint hjarte.

1 Johannes 4:16
Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.

Johannes 17:24
Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd.

Johannes 13:35
På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Matteus 5:43-48
[43] De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal elska nesten din og hata fienden din.’[44] Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.[45] Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.[46] Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?[47] Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?[48] Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

1 Korintierne 13:1-3
[1] Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.[2] Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.[3] Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne.

Romerne 13:8
Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.

1 Johannes 4:7-8
[7] Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.[8] Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.

1 Johannes 3:1
Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born — ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.

Lukas 6:35
Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

Romerne 12:10
Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!

Matteus 6:24
Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Romerne 13:8-10
[8] Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.[9] For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv.[10] Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.

1 Korintierne 13:2
Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

3 Mosebok 19:18
Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er HERREN.

Salomos Ordsprog 10:12
Hat vekkjer strid, men kjærleik løyner alle synder.

1 Mosebok 2:24
Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

2 Timoteus 3:16
Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd,

Salomos Ordsprog 18:22
Den som finn ei kone, finn lukka; han har vunne velvilje hos HERREN.

Matteus 6:33
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Salmenes 12:6-7
[6] «Dei hjelpelause blir undertrykte, og dei fattige stønnar, difor vil eg reisa meg», seier HERREN. «Eg vil berga den som blir forakta.»[7] HERRENS ord er reine ord, sølv lutra i smelteomnen, sju gonger reinsa.

2 Korintierne 6:14
Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?

Matteus 19:5
og sa: ‘ Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp ’?

Romerne 4:22
Difor vart han rekna som rettferdig.

Apenbaring 22:19
Og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.

Salomos Ordsprog 27:22
Støyter du den dumme i mortaren og knuser han saman med kornet, går dumskapen likevel ikkje av han.

Esaias 28:25
Når han har jamna åkeren, spreier han ikkje då dill og strør ut karve, sår han ikkje kveite i rader, bygg på ein høveleg stad og spelt langs kantane?

2 Mosebok 30:34
HERREN sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)