A A A A A

Liv: [Trening]


Lukas 22:25
Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar.

Apenbaring 13:12
All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret — det som hadde fått banesåret sitt lækt.

Matteus 20:25
Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

Markus ௧௦:௪௨
Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

Jeremias 9:24
Men den som vil vera stolt av noko, skal vera stolt av dette: at han har forstand og kjenner meg. For eg er HERREN som viser miskunn, rett og rettferd på jorda. Ja, slik vil eg ha det, seier HERREN.

Kolossenserne 2:23
Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.

Hebreerne ௫:௧௪
Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

1 Peters 5:2
Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.

Esekiel 22:29
Folket i landet bruker vald og driv med ran og rov. Dei er harde mot hjelpelause og fattige og undertrykkjer innflyttarane utan rett.

Matteus ௮:௯
For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

1 Timoteus 4:8
For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

1 Korintierne 6:19-20
[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Filippenserne ௪:௧௩
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

1 Korintierne ௧௦:௩௧
Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

2 Timoteus 2:5
Og ein som driv idrett, må følgja reglane for å vinna sigerskransen.

1 Timoteus ௨:௧௨
Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille.

Salomos Ordsprog 31:17
Styrke er beltet ho har om livet, ho tek i med sterke armar. Tet ט

Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

Salmenes ௧௩௧:௧
Ein song til festreisene. Av David. HERRE, hjartet mitt er ikkje hovmodig, auga mine er ikkje stolte. Eg går ikkje med tankar som er for store og underfulle for meg.

Apostlenes Gjerninge 24:16
Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.

1 Timoteus 4:7
Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt.

Hebreerne ௧௨:௨-௧௧
[௨] med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.[௩] Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.[௪] I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod.[௫] Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.[௬] For den Herren elskar, viser han til rette, og han straffar kvar son han tek seg av.[௭] Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette![௮] Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.[௯] Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva?[௧௦] For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.[௧௧] All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

1 Peters ۲:۱۴
eller landshovdingane, som han har sendt for å straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.

1 Peters 2:1
Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,

Predikerens ۱:۱۳
Eg la meg på hjartet å undersøkja og granska med visdom alt som blir gjort under himmelen. Det er eit vondt strev Gud har gjeve menneska å plaga seg med.

Predikerens 3:10
Eg såg det vonde strevet som Gud har gjeve menneska.

1 Korintierne 6:19
Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:

3 Johannes ௧:௨
Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.

1 Korintierne 9:24-27
[24] Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen![25] Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.[26] Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.[27] Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

1 Samuels ௧௬:௭
Men HERREN sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men HERREN ser på hjartet.»

Salmenes 104:9
Du sette ei grense det ikkje går over, det skal aldri meir dekkja jorda.

1 Mosebok 6:12
Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging.

1 Mosebok 7:20
Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.

1 Mosebok 8:5
Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne.

1 Mosebok 9:11
Eg opprettar mi pakt med dykk: Aldri meir skal det henda at alt kjøt og blod blir utrydda av vatnet frå storflaumen. Aldri meir skal det koma ein storflaum for å leggja jorda i øyde.»

1 Peters ௩:௩-௪
[௩] Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,[௪] men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.

2 Timoteus ௪:௭
Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.

1 Korintierne 9:26-27
[26] Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.[27] Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

Esaias ௪௦:௩௧
Men dei som ventar på HERREN, får ny kraft, dei lyfter vengene som ørna, dei spring og blir ikkje slitne, dei går og blir ikkje trøytte.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)