Instagram
English
A A A A A

Liv: [Diskresjon]
1 Korintierne 2:14
Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis.

1 Korintierne 12:10
Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.

1 Korintierne 14:29-33
[29] Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt.[30] Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.[31] For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.[32] Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.[33] For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle forsamlingar av dei heilage

1 Johannes 2:27
Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.

1 Johannes 4:1
Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.

1 Kongebok 3:9
Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

1 Samuels 16:7
Men HERREN sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men HERREN ser på hjartet.»

1 Tessalonikerne 5:21
men prøv alt og hald fast på det gode!

1 Timoteus 4:1
Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vill, og til lære som kjem frå demonar

Kolossenserne 2:8
Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

Hebreerne 4:12
For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.

Hebreerne 5:14
Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Hoseas 14:9
Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera? Det er eg som svarar han og ser til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.

Jakobs 1:5
Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.

Johannes 7:24
Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»

Matteus 10:16
Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!

Matteus 24:24
For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd.

Salomos Ordsprog 15:14-21
[14] Eit klokt hjarte søkjer kunnskap, men dårens munn lever av dårskap.[15] For ein fattig er alle dagar vonde, den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.[16] Betre å ha lite og frykta HERREN enn å ha stor rikdom med uro attåt.[17] Betre er ein grønsakrett med kjærleik enn oksesteik med hat attåt.[18] Den som er sint, valdar trette, den som er sein til vreide, får striden til å stilna.[19] For den late er vegen som klungerkratt, for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.[20] Ein klok son er til glede for far sin, ein tåpeleg mann foraktar mor si.[21] Den vitlause har glede av dårskap, den forstandige held rett kurs.

Salomos Ordsprog 18:15
Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap, vismenns øyre søkjer kunnskap.

Salomos Ordsprog 28:11
Den rike er vis i eigne auge, ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.

Salmenes 119:125
Eg er din tenar, gjev meg skjøn så eg kan kjenna dine lovbod!

Romerne 12:2
Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

Apostlenes Gjerninge 17:10-11
[10] Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen.[11] Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde.

Filippenserne 1:9-10
[9] Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt,[10] så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag,

1 Timoteus 6:3-5
[3] Den som fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til,[4] er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar[5] og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

2 Korintierne 11:13-15
[13] Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.[14] Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.[15] Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.

Salomos Ordsprog 2:1-5
[1] Son min, om du tek imot orda mine og gøymer boda mine hos deg[2] så ditt øyre lyttar til visdom og du opnar hjartet for forstand,[3] ja, om du kallar på innsikt og ropar høgt etter forstand,[4] om du søkjer etter han som var det sølv, leitar som etter ein skatt,[5] då skal du læra å frykta HERREN, finna ut kva det er å kjenna Gud.

Salomos Ordsprog 3:1-6
[1] Son min, gløym ikkje mi rettleiing, ta vare på mine bod i hjartet![2] For dei vil gje deg mange år og eit langt liv og overflod av fred.[3] Lat aldri godleik og truskap fara! Bind dei om halsen, skriv dei på hjartetavla![4] Då får Gud og menneske velvilje for deg og ser ditt gode vit.[5] Lit på HERREN av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt.[6] Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)