A A A A A

God Karakter: [Renslighet]


Esaias 1:16
Vask dykk, gjer dykk reine! Få dei vonde gjerningane bort frå auga mine, hald opp med å gjera vondt,

Salmenes ५१:७
Ja, med skuld vart eg fødd, med synd vart eg til i mors liv.

1 Johannes 1:7-9
[7] Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.[8] Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.[9] Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Esekiel 36:25
Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane.

Salmenes ५१:१०
Lat meg få oppleva fryd og glede, lat beina du knuste, få jubla.

Apostlenes Gjerninge 9:1-31
[1] Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten[2] og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.[3] Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.[4] Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»[5] «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.[6] Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»[7] Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.[8] Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.[9] I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.[10] I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»[11] Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed.[12] Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»[13] Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.[14] Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.»[15] Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.[16] Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.»[17] Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.»[18] Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.[19] Så fekk han mat og kom til krefter. Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,[20] der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.»[21] Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?»[22] Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.[23] Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han.[24] Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han.[25] Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.[26] Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein.[27] Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt i Jesu namn i Damaskus.[28] Sidan gjekk han ut og inn med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.[29] Han tala òg med dei gresktalande jødane og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å drepa han.[30] Då brørne fekk vita det, førte dei han til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsos.[31] Kyrkja hadde no fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Ho vart bygd opp og levde i ærefrykt for Herren, og styrkt av Den heilage ande auka ho meir og meir.

5 Mosebok 23:12-14
[12] Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til.[13] Mellom reiskapane dine skal du ha ein spiss stokk. Med den skal du grava ei grop når du set deg der ute, og dekkja til avføringa etterpå.[14] For HERREN din Gud går omkring i leiren for å berga deg og overgje fiendane til deg. Difor skal leiren vera heilag. Han må ikkje sjå noko usømeleg hos deg, for då vender han seg bort frå deg.

Salomos Ordsprog २०:९
Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint, eg er reinsa for synd»?

Filippenserne 4:8
Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!

Salmenes 73:1
Ein salme av Asaf. Sanneleg, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine av hjartet.

Apenbaring १:५
og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod

2 Korintierne 7:1
Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kropp og sjel og fullføra vår helging med gudsfrykt.

3 Mosebok 19:28
De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er HERREN.

3 Mosebok 20:13
Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har begge gjort noko avskyeleg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.

2 Peters ३:८
Men ein ting må de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.

2 Korintierne 5:17
Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!

Matteus २३:२५-२८
[२५] Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst.[२६] Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg![२७] Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.[२८] Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.

Lukas 6:31
Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

1 Korintierne 10:13
De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.

Matteus २३:२६
Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!

Matteus 5:8
Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.

1 Mosebok 18:4
Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!

2 Mosebok 19:14
Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine.

5 Mosebok 23:12
Du skal ha ein bestemt stad utanfor leiren som du kan gå til.

Romerne ५:८
Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.

1 Timoteus ४:१२
Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.

2 Korintierne 6:14-18
[14] Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?[15] Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru?[16] Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu og ferdast midt mellom dei; eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.[17] Difor seier Herren: Dra bort frå dei og skil dykk frå dei. Rør ikkje noko ureint! Då vil eg ta imot dykk;[18] eg vil vera dykkar far, og de skal vera mine søner og døtrer, seier Herren, Den allmektige.

Apostlenes Gjerninge 9:1-20
[1] Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten[2] og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.[3] Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.[4] Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»[5] «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.[6] Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»[7] Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.[8] Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.[9] I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.[10] I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»[11] Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed.[12] Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»[13] Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.[14] Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.»[15] Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk.[16] Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.»[17] Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.»[18] Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.[19] Så fekk han mat og kom til krefter. Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,[20] der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.»

1 Korintierne १५:२९
Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom døde ikkje står opp, kvifor lèt somme seg då døypa for dei?

3 Mosebok 18:22
Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg.

Romerne 1:26-27
[26] Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen.[27] På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.

1 Korintierne १४:४०
Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!

Matteus 7:18-23
[18] Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.[19] Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.[20] Difor skal de kjenna dei på fruktene.[21] Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.[22] Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’[23] Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett! ’

Johannes ५:३९-४०
[३९] De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei — men det er dei som vitnar om meg![४०] Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)