2 Samuels 24:14 |
David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i HERRENS hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.» |
|
Salmenes 86:5 |
For du, Herre, er god, du tilgjev, du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg. |
|
Salmenes 145:9 |
HERREN er god mot alle, mild mot alt han har skapt. Jod י |
|
Lukas 6:36 |
Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam. |
|
Efeserne 2:4 |
Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, |
|
Titus 3:5 |
Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, |
|
Hebreerne 4:16 |
Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid. |
|
1 Johannes 1:3 |
Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. |
|
Norwegian Bible (Nynorsk) 2011 |
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies) |