A A A A A

God Karakter: [Beskjedenhet]


1 Korintierne 12:23
Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg;

1 Timoteus 2:8-10
[8] Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid.[9] På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede,[10] men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig.

1 Peters 3:3-4
[3] Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,[4] men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.

Romerne 12:2
Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

Matteus 5:28
Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt.

5 Mosebok 22:5
Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje kle seg i kvinneklede. For HERREN din Gud avskyr alle som gjer slikt.

1 Peters 3:3
Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,

1 Samuels 16:7
Men HERREN sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men HERREN ser på hjartet.»

1 Korintierne 6:19-20
[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

1 Korintierne 10:31
Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

Salomos Ordsprog 7:10
Då kjem kvinna imot han, kledd som ei hore, med listig hjarte.

Salomos Ordsprog 31:30
Ynde sviktar, og venleik forgår, men ei kvinne som fryktar HERREN, skal ha ros. Taw ת

1 Timoteus 3:2
Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,

Lukas 17:1
Han sa til læresveinane sine: «Det må koma forføringar, noko anna er ikkje råd. Men ve den som forføringane kjem ifrå!

Salomos Ordsprog 11:22
Ei vakker kvinne utan vit er som ein gullring i eit grisetryne.

Efeserne 2:10
For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Romerne 14:13
Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla.

1 Peters 3:3-5
[3] Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,[4] men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.[5] For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine,

1 Peters 1:14
Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.

1 Samuels 9:21
Saul svara: «Men er ikkje eg berre ein benjaminitt, frå ein av dei minste stammane i Israel? Og er ikkje slekta mi den ringaste av alle slekter i Benjamin-stammen? Kvifor snakkar du då slik til meg?»

Esters 1:11-12
[11] Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker.[12] Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han.

Jobs 32:4-7
[4] Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.[5] Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm.[6] Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa: Eg er ung av år, og de er gamle. Difor var eg redd, våga ikkje å seia mi meining til dykk.[7] Eg tenkte: «Lat alderen tala, lat dei mange år bera fram visdom!»

1 Peters 3:1-4
[1] På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne — ikkje med ord, men med det livet kona lever,[2] når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.[3] Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,[4] men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.

1 Johannes 2:16
For alt her i verda — lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig — det er ikkje av Far, men av verda.

Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

Salomos Ordsprog 31:25
Styrke og vørdnad er hennar klednad, ho ler mot komande dagar. Pe פ

1 Timoteus 4:8
For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

Filippenserne 2:5
Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

1 Peters 3:4
men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.

1 Timoteus 2:10
men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)