A A A A A

God Karakter: [Vennlighet]


1 Korintierne 13:4-7
[4] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[5] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[6] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[7] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Efeserne 4:29
Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på.

Mika 6:8
Han har kunngjort for deg, menneske, kva godt er. Og kva krev HERREN av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.

Kolossenserne 3:12
De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,

Efeserne 2:7
så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.

Matteus 5:24
så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt!

Romerne 2:4
Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

Galaterne 5:22
Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,

Salmenes 141:5
Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik. Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud, slikt avviser eg ikkje. Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.

Esaias 54:8
Medan harmen fløymde, løynde eg andletet for deg ein augneblink, men med evig godleik vil eg miskunna meg over deg, seier HERREN, som løyser deg ut.

Salomos Ordsprog 19:22
Truskap er det ein ønskjer av eit menneske; betre å vera fattig enn ein løgnar.

1 Peters 4:8
Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

2 Peters 1:5-7
[5] Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt,[6] innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt,[7] gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.

Esters 2:9
Han syntest godt om den unge kvinna, og ho vann velvilje hos han. Han sørgde straks for at ho fekk den hudpleia og maten ho skulle ha. Han gav henne òg sju utvalde tenestejenter frå slottet og flytte henne og tenestejentene hennar til den beste delen av haremet.

Efeserne 4:32
Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

Galaterne 6:10
Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.

Lukas 6:35
Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

Salomos Ordsprog 31:26
Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga. Tsade צ

1 Peters 3:9
Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.

Ruts 2:20-21
[20] Då sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av HERREN, som ikkje har halde opp med å visa miskunn, verken mot dei levande eller dei døde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av løysingsmennene våre.»[21] Då sa Rut, moabittkvinna: «Han sa òg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.»

Ruts 3:10
Då sa han: «Velsigna er du av HERREN, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike.

Nehemias 9:17
Dei nekta å høyra og hugsa ikkje dine under som du hadde gjort for dei. Dei var stivnakka og tok seg ein leiar for å venda attende til slaveriet i Egypt. Men du er ein Gud som tilgjev, du er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn, og du forlét dei ikkje.

Salmenes 31:21
Hos deg finn dei vern mot overgrep frå menneske. Du gøymer dei i di hytte for tunger som kjem med klagemål.

Salmenes 117:1-2
[1] Lovsyng HERREN, alle folk, pris han, alle folkeslag![2] For hans miskunn er mektig over oss. HERRENS truskap varer evig. Halleluja!

Salmenes 119:76
Lat di miskunn vera mi trøyst slik du har sagt til din tenar!

Esaias 54:10
For om fjella vik og haugane vaklar, skal min godleik aldri vika frå deg, mi fredspakt skal ikkje vakla, seier HERREN, som viser deg miskunn.

Jeremias 2:2
Gå og rop i øyra på Jerusalem: Så seier HERREN: Eg hugsar din ungdoms truskap, din kjærleik som brur, då du følgde meg i ørkenen, i eit land der ingen kan så.

Joel 2:13
Riv hjartet sund, ikkje kleda! Vend om til HERREN dykkar Gud! For han er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn, og han kan angra på ulukka.

Jonas 4:2-3
[2] Han bad til HERREN: «HERRE! Var det ikkje det eg sa då eg var i mitt eige land? Difor ville eg skunda meg og flykta til Tarsis. For eg veit at du er ein nådig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik på miskunn, så du angrar ulukka.[3] Men no, HERRE, kan du ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»

Apostlenes Gjerninge 28:2
Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.

1 Mosebok 24:14
Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»

Josvas 2:12
Sver no ved HERREN at de vil vera gode mot familien min, sidan eg har vore god mot dykk. Gjev meg eit truskapsteikn på

2 Korintierne 6:6
Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik,

Titus 3:4
Men det vart openberra kor god vår Gud og frelsar er, og kor han elskar menneska:

1 Mosebok 24:12
Så sa han: «HERRE, du som er Gud for Abraham, herren min, lat det lukkast for meg i dag, og syn at du er god mot Abraham, herren min!

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)