Salomos Ordsprog 11:3 |
Rettsinn leier dei ærlege, uærlegdom gjer ende på svikarane. |
|
Salomos Ordsprog 28:6 |
Betre å vera fattig og heil i si ferd enn å vera rik og gå krokvegar. |
|
1 Peters 3:16 |
Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine. |
|
Salomos Ordsprog 12:22 |
HERREN avskyr lygande lepper, men gler seg over dei som viser truskap. |
|
Salomos Ordsprog 21:3 |
Å gjera det som er rett og rettferdig, er meir verdt for HERREN enn offer. |
|
2 Korintierne 8:21 |
For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske. |
|
Johannes 14:6 |
Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. |
|
Salomos Ordsprog 4:25-27 |
[25] Lat auga dine sjå beint fram, fest blikket på det som ligg framføre![26] Gjer stigen jamn der foten skal gå, då blir alle dine vegar trygge.[27] Vik ikkje av til høgre eller venstre, hald foten din borte frå det vonde! |
|
Hebreerne 13:18 |
Be for oss! Vi veit at vi har eit godt samvit, for vi vil gjerne fara rett fram på alle måtar. |
|
Lukas 6:31 |
Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. |
|
Salmenes 41:11-12 |
[11] Men du, HERRE, ver meg nådig og reis meg opp, så eg kan gje dei att.[12] Når fienden ikkje får triumfera over meg, veit eg at du har di glede i meg. |
|
Filippenserne 4:8 |
Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det! |
|
Esaias 26:7 |
For den rettferdige er vegen jamn. Jamn er stigen du bryt for den rettferdige, |
|
Norwegian Bible (Nynorsk) 2011 |
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies) |