A A A A A

God Karakter: [Ærlig]


2 Korintierne 8:21
For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.

2 Timoteus 2:15
Gjer det du kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar.

Kolossenserne 3:9
Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til,

Efeserne 4:25
Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til.

Jakobs 1:26
Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi.

Jakobs 3:17
Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.

Lukas 6:31
Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

Matteus 5:8
Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.

Salomos Ordsprog 10:9
Trygt går den som er heil i si ferd, men den som går krokvegar, blir avslørt.

Salomos Ordsprog 11:3
Rettsinn leier dei ærlege, uærlegdom gjer ende på svikarane.

Salomos Ordsprog 12:17-22
[17] Den som vitnar sant, talar rett, falske vitne fer med svik.[18] Tankelaus tale stikk som sverd, men vismenn har lækjedom på tunga.[19] Lepper som talar sant, står seg for alltid, ei tunge som lyg, berre ei lita stund.[20] Dei som tenkjer ut vondt, har svik i hjartet, glede får dei som rår til fred.[21] Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige, dei urettferdige får ulukke i fullt mål.[22] HERREN avskyr lygande lepper, men gler seg over dei som viser truskap.

Salomos Ordsprog 14:5
Eit ærleg vitne lyg ikkje, men falske vitne fer med løgn.

Salomos Ordsprog 21:3
Å gjera det som er rett og rettferdig, er meir verdt for HERREN enn offer.

Salomos Ordsprog २४:२६
Eit ærleg svar er eit kyss på leppene.

Salomos Ordsprog 28:18
Den som er heil i si ferd, blir berga, men den som går krokvegar, fell i grava.

Salmenes 112:5
Det går vel med den som villig gjev lån, Jod י den som steller sine saker rett. Kaf כ

1 Krønikebok 29:17
Min Gud, eg veit at du ransakar hjarta og har glede i ærlegdom. Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette. Og med glede har eg no sett korleis folket ditt, som her er til stades, villig gjev deg gåvene sine.

Johannes १:३
Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til

Johannes 3:18
Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son.

Filippenserne ४:८-९
[८] Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det![९] Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette — og fredens Gud skal vera med dykk.

1 Peters 3:10-12
[10] Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale.[11] Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.[12] For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.

Salomos Ordsprog ६:१६-२०
[१६] Seks er dei ting som HERREN hatar, og sju har han avsky for:[१७] hovmodige auge og svikefull tunge, hender som auser ut skuldlaust blod,[१८] eit hjarte som legg vonde planar, raske føter som spring etter vondt,[१९] det falske vitnet som fer med løgn, og den som skaper strid mellom brør.[२०] Son min, hald fast på boda som far din gav deg, forkast ikkje rettleiing frå mor di!

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)