A A A A A

God Karakter: [Takknemlig]


Kolossenserne ๔:๒
Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!

2 Korintierne 2:14-15
[14] Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.[15] For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt;

Jonas ๒:๙
Dei som held seg til vind og fåfengd, har svikta sin kjærleik.

1 Tessalonikerne ๕:๑๘
Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.

Kolossenserne 3:15-17
[15] Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame![16] Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta![17] Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.

1 Korintierne 15:57
Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

Salmenes ๑๐๐:๔
Kom gjennom portane hans med takkesong, inn i føregardane med lovsong! Lov han, velsign hans namn!

1 Krønikebok 16:34
Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn!

Romerne 1:21
Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte.

Filippenserne 4:6
Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

Salmenes 69:30
Men eg er hjelpelaus og lidande, Gud, hjelp meg og vern meg!

2 Korintierne 9:15
Gud vere takk for si useielege gåve!

1 Tessalonikerne 5:16-18
[16] Ver alltid glade![17] Be uavlateleg![18] Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.

Filippenserne 4:6-7
[6] Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.[7] Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Kolossenserne 1:12
skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset.

Jakobs 1:17
All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.

Efeserne 5:4
Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!

3 Mosebok 22:29
Når de slaktar eit takkoffer for HERREN, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.

Salmenes 103:2
Velsign HERREN, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.

Daniel 6:10
I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

Salmenes ๑๐๗:๑
Pris HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.

Efeserne 5:20
Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.

Salmenes ๙:๑
Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.

Johannes 3:16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Kolossenserne ๓:๒
Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.

Kolossenserne 3:16
Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta!

Salmenes 107:8
Dei skal prisa HERREN for hans miskunn, for hans undergjerningar mot mennesket.

Salmenes 119:62
Midt på natta står eg opp og prisar deg for dine rettferdige lover.

Apenbaring 11:17
og sa: «Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige, du som er og som var, fordi du har gripe di store makt og vorte konge.

Kolossenserne 3:15-17
[15] Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame![16] Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta![17] Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.

Salmenes 106:1
Halleluja! Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.

Hebreerne 12:28
Sidan vi får eit urokkeleg rike, så lat oss vera takksame og slik tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til glede for Gud.

Salmenes 107:1-2
[1] Pris HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.[2] Dette skal HERRENS utløyste seia, dei som han løyste ut av nauda

2 Samuels 22:49
Han friar meg frå mine fiendar. Du lyfter meg over motstandarar og bergar meg frå valdsmenn.

1 Tessalonikerne 1:2
Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.

1 Timoteus 2:1-2
[1] Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.[2] Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.

Johannes 11:41
Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.

Salmenes 118:1-18
[1] Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.[2] Israel skal seia: Evig varer hans miskunn.[3] Arons hus skal seia: Evig varer hans miskunn.[4] Dei som fryktar HERREN, skal seia: Evig varer hans miskunn.[5] Eg var i trengsle og ropa til HERREN, han svara og førte meg ut i ope land.[6] HERREN er med meg, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?[7] HERREN er med meg, han hjelper meg, eg kan sjå på dei som hatar meg.[8] Det er betre å søkja tilflukt hos HERREN enn å stola på menneske.[9] Det er betre å søkja tilflukt hos HERREN enn å stola på fyrstar.[10] Alle folkeslag omringa meg, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.[11] Dei var omkring meg på alle kantar, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.[12] Dei var omkring meg som bier. Dei slokna som eld i klunger, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.[13] Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla, men HERREN hjelpte meg.[14] HERREN er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.[15] Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! HERRENS høgre hand gjer storverk,[16] HERRENS høgre hand lyfter opp. HERRENS høgre hand gjer storverk.[17] Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om HERRENS gjerningar.[18] Hardt har HERREN tukta meg, men han overgav meg ikkje til døden.

Salmenes 20:4
Måtte han minnast alle dine gåver og ta imot ditt brennoffer. Sela

Salmenes 30:12
Du vende mi dødsklage til dans, du tok sekkestrien av meg og kledde meg i glede.

Salmenes 95:2
Lat oss gå fram for han med lovsong, hylla han med song og spel!

2 Korintierne 9:11
De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva.

2 Korintierne 2:14
Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.

Filippenserne 4:19
Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.

Romerne 11:36
Av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! Amen.

Salmenes 105:1
Pris HERREN, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka!

Apostlenes Gjerninge 16:40
Då dei var komne ut av fengselet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei syskena og sette mot i dei. Så drog dei av stad.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)