A A A A A

God Karakter: [Tro]


Matteus 21:22
Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»

Romerne 10:17
Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

Hebreerne 11:1-6
[1] Trua er eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.[2] For trua si fekk dei gamle godt vitnemål.[3] I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.[4] I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.[5] I tru vart Henok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud.[6] Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Markus 11:22-24
[22] Og Jesus svara dei: «Ha tru til Gud![23] Sanneleg, eg seier dykk: Om nokon seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet!’ og han ikkje har tvil i hjartet, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå slik.[24] Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar — tru at de har fått det, og de skal få det.

Jakobs 2:19
Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same — og skjelv!

Efeserne 2:8-9
[8] For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.[9] Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.

Lukas 1:37
For ingen ting er umogleg for Gud.»

Salomos Ordsprog 3:5-6
[5] Lit på HERREN av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt.[6] Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.

2 Korintierne 5:7
For vi vandrar i tru, utan å sjå.

Efeserne 2:8
For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.

1 Korintierne 2:5
For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

Jakobs 1:5-8
[5] Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.[6] Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.[7] Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,[8] tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

Filippenserne 4:13
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Jakobs 1:5-8
[5] Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.[6] Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.[7] Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,[8] tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

Filippenserne 4:13
Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Jakobs 2:24
Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.

Lukas 17:5
Apostlane sa til Herren: «Gjev oss større tru!»

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)