A A A A A

God Karakter: [Disiplin]


2 Timoteus 1:7
For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.

Efeserne 6:4
Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.

Salomos Ordsprog 10:17
Å akta på formaninga er ein veg til liv, å forakta tilrettevising fører vill.

Salomos Ordsprog 12:1
Den som elskar formaning, elskar kunnskap, dum er den som hatar tilrettevising.

Salomos Ordsprog 13:1
Ein son blir vis av fars formaning, spottaren høyrer ikkje på åtvaring.

Salomos Ordsprog 13:24
Den som sparer på riset, hatar son sin, den som elskar, formanar han seint og tidleg.

Salomos Ordsprog 22:6
Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal.

Salomos Ordsprog 22:15
Dumskap høyrer ungdomen til, riset kan oppdra og driva dumskapen bort.

Salomos Ordsprog 29:15-17
[15] Ris og tilrettevising gjev visdom, men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.[16] Blir dei urettferdige mange, aukar synda, men dei rettferdige får sjå at dei fell.[17] Oppdra son din, så gjev han deg ro og fyller deg med glede.

Apenbaring 3:19
Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om!

Titus 1:8
Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.

Salomos Ordsprog 23:13-14
[13] Lat ikkje guten vera utan formaning! Gjev du han ris, skal han ikkje døy.[14] Når du slår han med riset, bergar du han frå dødsriket.

Hebreerne 12:10-11
[10] For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.[11] All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

Jobs 5:17-18
[17] Sæl er den som Gud viser til rette. Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige![18] For han sårar, og han bind om såra. Han knuser, og hans hand lækjer.

Salomos Ordsprog 3:11-12
[11] Son min, forakt ikkje HERRENS formaning, mist ikkje motet når han refsar.[12] For den HERREN elskar, refsar han, slik ein far gjer med ein son han har kjær.

5 Mosebok 8:5-6
[5] Og du skal vita i hjartet ditt at HERREN din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin.[6] Då skal du òg halda boda til HERREN din Gud så du går på hans vegar og har age for han.

1 Korintierne 9:25-27
[25] Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.[26] Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.[27] Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

2 Korintierne 7:9-11
[9] Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorgfulle, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.[10] Sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, og det angrar ingen. Men sorg som er av denne verda, fører til død.[11] For denne sorga etter Guds vilje, sjå for ein iver ho har skapt! Sjå berre kor de forsvarar dykk, og kor opprørte de er, kor de ottast, og kor de lengtar, kor brennande de er, og kor de refsar! På alle måtar har de stått fram som uskuldige i denne saka.

Salmenes 94:12-14
[12] Sæl er den du tuktar, HERRE, den du underviser i di lov.[13] Du vil gje han ro utan vonde dagar til grava er graven for den lovlause.[14] HERREN støyter ikkje frå seg sitt folk og forlèt ikkje sin eigedom.

Hebreerne 12:5-9
[5] Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.[6] For den Herren elskar, viser han til rette, og han straffar kvar son han tek seg av.[7] Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette![8] Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.[9] Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva?

Efeserne 6:1-9
[1] Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.[2] Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad:[3] så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.[4] Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.[5] Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.[6] Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.[7] Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.[8] De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.[9] Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)