A A A A A

Gud: [Virus / Sykdommer]


Esaias 26:20
Gå, mitt folk! Gå inn i dine rom og lat att dørene etter deg! Løyn deg ei lita stund til harmen er gått over!

Jeremias 25:32-33
[32] Så seier HERREN over hærskarane: Ei ulukke skal spreia seg frå folkeslag til folkeslag. Ein sterk storm bryt laus frå ytste enden av jorda.[33] Den dagen skal det liggja menneske som HERREN har drepe, frå den eine enden av jorda og til den andre. Dei får inga sørgjehøgtid, dei skal ikkje bli samla eller gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.

2 Krønikebok 7:13-14
[13] No kan det henda at eg stengjer himmelen så det ikkje kjem regn, og byd grashoppene eta opp landet eller sender pest mellom folket mitt.[14] Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.

Apenbaring 6:3-8
[3] Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen ropa: «Kom!»[4] Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre ned. Og det vart gjeve han eit stort sverd.[5] Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen ropa: «Kom!» Og eg såg, og sjå! — ein svart hest. Og han som sat på hesten, hadde ei skålvekt i handa.[6] Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»[7] Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!»[8] Og eg såg, og sjå! — ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han. Dei fekk makt over fjerdedelen av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest og ved villdyra på jorda.

1 Samuels 5:6
HERRENS hand låg no tungt på folket i Asjdod, og han lét øydelegging koma over dei. Han slo dei med byllar, både i Asjdod og i områda ikring.

2 Korintierne 4:7
Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.

2 Mosebok 20:3
Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

Jakobs 4:10
Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.

Matteus 6:24
Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Filippenserne 4:6
Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

Salmenes 103:2-3
[2] Velsign HERREN, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.[3] Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar.

4 Mosebok 11:31-33
[31] Då kom ein vind frå HERREN som førte vaktlar inn frå havet i ei høgd på omkring to alner over bakken. Vinden strødde dei ut omkring leiren, så langt som ei dagsreise på den eine sida og ei dagsreise på den andre.[32] Folket samla vaktlar heile den dagen og heile natta og heile dagen etter. Dei som sanka minst, sanka ti homer. Og dei la dei utover kring heile leiren.[33] Medan kjøtet enno var mellom tennene på dei, før det var togge ferdig, flamma HERRENS vreide opp mot folket. Han slo dei med ein frykteleg pest.

2 Mosebok 9:8-11
[8] HERREN sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao,[9] og det skal bli til fint støv over heile Egypt. Det skal koma over folk og fe og bli til verkebyllar som slår ut i blemmer, overalt i Egypt.»[10] Dei tok sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det mot himmelen, og det vart til verkebyllar og blemmer som sette seg på folk og fe.[11] Magikarane kunne ikkje møta Moses på grunn av byllane, for det hadde kome verkebyllar på magikarane som på alle dei andre egyptarane.

Jakobs 1:2-6
[2] Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;[3] for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.[4] Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.[5] Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.[6] Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.

Apenbaring 9:15-19
[15] Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året, for å drepa tredjedelen av menneska.[16] Talet på ryttarar i troppane deira var tjue tusen gonger ti tusen — eg høyrde talet.[17] Og slik var dei hestane eg såg i synet, og dei ryttarane som sat på dei: Mennene hadde brystpanser farga som eld, hyasint og svovel. Hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.[18] Tredjedelen av menneska vart drepne i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.[19] For makta deira ligg i munnen, men òg i halane. For halane deira liknar slangar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

Markus 13:32-37
[32] Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.[33] Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne.[34] Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka.[35] Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn.[36] Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem.[37] Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»

Salmenes 91:2-14
[2] han seier til HERREN: «Mi tilflukt og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!»[3] Han bergar deg frå fuglefangarens snare, frå pest som legg i øyde.[4] Under hans venger kan du søkja ly, med fjørene dekkjer han deg. Hans truskap er skjold og vern.[5] Du skal ikkje frykta for redsler i natta, for piler som flyg om dagen,[6] for pest som fer fram i mørkret, for plage som herjar ved middagstid.[7] Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, blir du ikkje råka.[8] Du skal berre følgja det med auga og sjå at dei skuldige får si løn.[9] «Du, HERRE, er mi tilflukt.» Den høgste har du gjort til din bustad.[10] Det skal ikkje henda deg noko vondt, inga plage skal koma nær ditt telt.[11] For han skal gje englane sine påbod om å verna deg på alle dine vegar.[12] Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten mot nokon stein.[13] Du skal trø på løve og slange og trampa på ungløve og orm.[14] «Eg bergar han når han held seg til meg, eg vernar han, for han kjenner mitt namn.

Lukas 21:5-38
[5] Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:[6] «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»[7] Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»[8] Han svara: «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje![9] Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.»[10] Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike.[11] Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.[12] Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar.[13] Då skal de få vitna for dei.[14] Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk.[15] For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot.[16] Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden.[17] Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.[18] Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista.[19] Hald ut, så skal de vinna livet![20] Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd.[21] Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen.[22] For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.[23] Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket.[24] Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.[25] Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar.[26] Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka.[27] Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.[28] Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»[29] Så fortalde han dei ei likning: «Sjå på fikentreet og alle andre tre![30] Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær.[31] Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender.[32] Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.[33] Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.[34] Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk[35] som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda.[36] Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»[37] Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.[38] Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.

Matteus 24:1-35
[1] Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.[2] Men han sa: «Ja, ser de alt dette? Sanneleg, eg seier dykk: Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»[3] Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»[4] Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill![5] For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor.[6] De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen.[7] Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv på stad etter stad.[8] Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.[9] Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.[10] Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.[11] Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vill.[12] Og fordi lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hos dei fleste.[13] Men den som held ut til enden, skal bli frelst.[14] Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.[15] Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad — lat den som les opp, tyda det![16] — då må dei som er i Judea, rømma til fjells;[17] den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;[18] og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.[19] Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane![20] Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat![21] For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli.[22] Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei utvalde skuld skal desse dagane gjerast kortare.[23] Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Der er han’, så tru det ikkje![24] For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd.[25] Merk dykk at eg har sagt det på førehand![26] Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje.[27] Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.[28] Der åtselet er, vil gribbane samlast.[29] Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.[30] Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.[31] Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.[32] Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.[33] Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.[34] Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.[35] Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)