A A A A A

Gud: [Betingelsesløs kjærlighet]


1 Johannes 4:16-18
[16] Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.[17] I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda.[18] Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.

1 Peters 4:8
Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

Kolossenserne 3:14
Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.

Efeserne 2:8
For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.

Efeserne 5:25
Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

Jeremias 31:3
Frå det fjerne synte HERREN seg for meg: Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel, difor har eg heile tida vist deg miskunn.

Johannes 3:16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

1 Korintierne 13:7
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

1 Korintierne 13:13
Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

1 Johannes 3:1
Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born — ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.

1 Johannes 3:16
Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.

1 Johannes 4:8
Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.

Johannes 14:21
Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»

Johannes 15:12-13
[12] Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.[13] Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.

Lukas 6:27
Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,

Salomos Ordsprog 10:12
Hat vekkjer strid, men kjærleik løyner alle synder.

Salomos Ordsprog 17:17
Ein ven viser alltid kjærleik, ein bror er fødd til å hjelpa i naud.

Romerne 3:23
for alle har synda og manglar Guds herlegdom.

Romerne 5:5-8
[5] Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.[6] Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.[7] Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann — endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.[8] Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.

Romerne 8:35
Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?

Romerne 12:9-10
[9] Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode![10] Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!

Titus 3:4-5
[4] Men det vart openberra kor god vår Gud og frelsar er, og kor han elskar menneska:[5] Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande,

1 Johannes 4:9-10
[9] I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.[10] Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

Johannes 13:34-35
[34] Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.[35] På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

1 Korintierne 13:4-7
[4] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[5] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[6] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[7] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Matteus 5:43-48
[43] De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal elska nesten din og hata fienden din.’[44] Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.[45] Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.[46] Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?[47] Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?[48] Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

1 Korintierne 1:1-13
[1] Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes[2] helsar Guds forsamling i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn — han som er deira og vår Herre:[3] Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus![4] Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus.[5] I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap.[6] Så er òg vitnemålet om Kristus grunnfest mellom dykk,[7] så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.[8] Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag.[9] Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.[10] Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.[11] For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.[12] Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».[13] Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)