A A A A A

Gud: [Planer]


Salomos Ordsprog 19:21
Det er mange tankar i menneskehjartet, men det er HERRENS vilje som skjer.

Jeremias 29:11
For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier HERREN, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Salomos Ordsprog 15:22
Utan rådlegging mislukkast planane, når mange gjev råd, skal dei lukkast.

Salmenes 33:11
HERRENS råd står fast for alltid, hans hjartans planar frå slekt til slekt.

Salomos Ordsprog 16:3
Legg alt du gjer, i HERRENS hand, så skal planane dine lukkast.

Salomos Ordsprog 21:5
Det den flittige planlegg, gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.

Salmenes 20:4
Måtte han minnast alle dine gåver og ta imot ditt brennoffer. Sela

Salmenes 33:10
HERREN skiplar rådet folka legg, bryt planane folkeslag tenkjer ut.

Lukas 14:28
Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det?

Salomos Ordsprog 16:9
I hjartet tenkjer mannen ut sin veg, men det er HERREN som styrer stega hans.

Romerne 8:28
Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.

Filippenserne 1:6
Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne — heilt til Jesu Kristi dag.

Esaias 14:26-27
[26] Dette er planen som er lagd for heile jorda, og dette er handa som er strekt ut mot alle folkeslag.[27] Når HERREN over hærskarane har ein plan, kven kan hindra den? Når handa hans er strekt ut, kven kan venda henne bort?

Johannes 6:44
Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

Salmenes 143:8
Lat meg høyra om di miskunn om morgonen, eg set mi lit til deg! Lær meg den vegen eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg.

Salomos Ordsprog 23:4
Slit deg ikkje ut for å bli rik! Hald opp med det, forstandig som du er.

Salmenes 90:12
Lær oss å telja våre dagar så vi kan få visdom i hjartet!

Salmenes 3:31-32
[31] For du, HERRE, velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold.[32] Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

Esaias 46:3-11
[3] Høyr på meg, du Jakobs hus, alt som er att av Israels hus, de som vart lyfte opp heilt frå fødselen, og som vart borne heilt frå mors liv:[4] Eg er Han, heilt til de blir gamle, eg vil bera heilt til håret er grått. Eg har alt gjort det. Eg lyfter, eg ber og bergar.[5] Kven vil de samanlikna meg med, kven er eg lik? Kva likning vil de bruka for å samanlikna oss?[6] Dei auser ut gull frå pungen og veg opp sølv på vekt. Dei leiger ein gullsmed som lagar ein gud, så bøyer dei seg ned og tilbed han.[7] Dei tek han på skuldra, ber han med seg og set han på plass. Der står han og rører seg ikkje frå plassen. Ropar ein til han, svarar han ikkje, han kan ikkje frelsa frå naud.[8] Hugs dette med sorg, ta det til dykk, de syndarar![9] Hugs dei første ting frå gammal tid! For eg er Gud, og ingen annan, eg er Gud, ingen er lik meg.[10] Frå opphavet fortel eg slutten, på førehand fortel eg det som ikkje har hendt. Eg seier: «Min plan står fast, alt eg vil, det gjer eg.»[11] Frå aust kallar eg ein rovfugl, frå eit land langt borte ein mann for min plan. Det eg har sagt, lèt eg skje, Det eg har tenkt, det gjer eg.

Johannes 1:12-13
[12] Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.[13] Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Apenbaring 17:8
Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma.

Amos 3:7
Nei, Herren GUD gjer ikkje noko utan å openberra sitt løynde råd for tenarane sine, profetane.

Jakobs 4:1-17
[1] Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden blant dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?[2] De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.[3] De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.[4] De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.[5] Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?[6] Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.[7] Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han rømma frå dykk.[8] Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga![9] Klag dykkar naud, sørg og gråt! Vend latteren til sørgjesong og gleda til alvor![10] Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.[11] De må ikkje baktala kvarandre, sysken! Den som baktalar ein bror eller dømmer ein bror, han baktalar lova og dømmer lova. Men dersom du dømmer lova, då gjer du ikkje det lova seier, men gjer deg til dommar over lova.[12] Det er éin som er lovgjevar og dommar, han som har makt både til å frelsa og til å øydeleggja. Men kven er du som dømmer nesten din?[13] Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» —[14] og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk — synleg ei lita stund, og så borte.[15] De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre.»[16] Men no er de hovmodige og rosar dykk sjølve. All slik ros er av det vonde.[17] Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.

Salomos Ordsprog 3:5-6
[5] Lit på HERREN av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt.[6] Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.

2 Peters 3:9
Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.

1 Timoteus 2:4
han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

1 Mosebok 1:26
Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.»

Matteus 28:18-20
[18] Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.[19] Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande[20] og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Salomos Ordsprog 6:6-8
[6] Gå til mauren, du late, sjå kva han gjer, og bli vis![7] Han har ingen hærførar, korkje oppsynsmann eller herskar.[8] Likevel syter han for mat om sommaren og samlar inn føde om hausten.

Jeremias 1:5
«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg, til profet for folkeslaga sette eg deg.»

Efeserne 1:4
I Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil. I kjærleik

Hebreerne 4:3
Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile! Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.

Romerne 3:10-18
[10] som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste.[11] Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud.[12] Alle er komne på avveg, alle er dei forderva. Det finst ikkje éin som gjer det gode, ikkje ein einaste.[13] Ei open grav er strupen deira, på tunga ligg falske ord, under leppene ormegift,[14] munnen er full av forbanning og harde ord.[15] Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,[16] der dei fer, er det øydelegging og naud,[17] og freds veg kjenner dei ikkje.[18] Frykt for Gud har dei ikkje for auge.

Esaias 55:10-11
[10] For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta,[11] slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.

Esaias 9:6-7
[6] For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.[7] Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe med rett og rettferd frå no og for all tid. HERREN over hærskarane skal gjera dette i sin brennande iver.

5 Mosebok 29:29
Det dulde høyrer HERREN vår Gud til, men det som er openberra, høyrer til oss og våre born til evig tid, så vi skal halda kvart ord i denne lova.

Romerne 9:22-24
[22] Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne.[23] Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom.[24] Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.

1 Peters 2:9-10
[9] Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.[10] De som før ikkje var eit folk, er no Guds folk. De som før ikkje fann miskunn, har no funne miskunn.

Romerne 8:18-25
[18] Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.[19] Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.[20] For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp,[21] for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.[22] Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier.[23] Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri.[24] For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser?[25] Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

2 Mosebok 20:1-17
[1] Gud tala alle desse orda:[2] Eg er HERREN din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.[3] Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.[4] Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.[5] Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, HERREN din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,[6] men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.[7] Du skal ikkje misbruka namnet til HERREN din Gud, for HERREN lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.[8] Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.[9] Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,[10] men den sjuande dagen er sabbat for HERREN din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.[11] For på seks dagar laga HERREN himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna HERREN sabbatsdagen og helga han.[12] Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet HERREN din Gud gjev deg.[13] Du skal ikkje slå i hel.[14] Du skal ikkje bryta ekteskapet.[15] Du skal ikkje stela.[16] Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.[17] Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)