A A A A A

Gud: [Tilbud til Gud]


1 Krønikebok 29:9
Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til HERREN med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.

2 Korintierne 9:7
Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.

Apostlenes Gjerninge 20:35
Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»

5 Mosebok 16:17
Kvar og ein skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigninga HERREN din Gud har gjeve deg.

Hebreerne 13:15-16
[15] Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.[16] Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til glede for Gud.

Lukas 6:38
Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»

Lukas 16:10
Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.

Malakias 3:10
Kom med heile tienda til forrådskammeret så det finst mat i mitt hus. Prøv meg på denne måten, seier HERREN over hærskarane. Eg skal sanneleg opna himmelens sluser og ausa ut over dykk velsigning utan mål.

Matteus 23:23
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

Salomos Ordsprog 11:24
Éin strør ut og får likevel meir, ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.

Salomos Ordsprog 28:27
Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud, men den som vender auga bort, blir forbanna av mange.

Salmenes 4:5
Skjelv for han og synd ikkje meir. Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela

Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

Salomos Ordsprog 3:9-10
[9] Æra HERREN med det du eig, med førstegrøda av all di avling.[10] Då blir di matbu rikeleg fylt, pressekummane renn over av ny vin.

Lukas 12:33-34
[33] Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.[34] For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.

Matteus 6:19-21
[19] Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.[20] Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.[21] For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Matteus 6:31-33
[31] Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’[32] For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.[33] Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Salmenes 96:7-9
[7] Gjev HERREN ære, de folk og slekter, gjev HERREN ære og makt![8] Gjev HERREN den ære hans namn skal ha. Kom til hans føregardar med gåver![9] Bøy dykk for HERREN i heilag prakt. Skjelv for han, all jorda!

Markus 12:41-44
[41] Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.[42] Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre.[43] Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.[44] For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

Lukas 21:1-4
[1] Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.[2] Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar.[3] Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.[4] For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»

Malakias 3:8-12
[8] Kan eit menneske stela noko frå Gud? De stel frå meg, men seier: «Kva er det vi har stole frå deg?» Tienda og offergåvene![9] Under forbanning er de, de stel frå meg, heile folket![10] Kom med heile tienda til forrådskammeret så det finst mat i mitt hus. Prøv meg på denne måten, seier HERREN over hærskarane. Eg skal sanneleg opna himmelens sluser og ausa ut over dykk velsigning utan mål.[11] Dei som et opp, skal eg skremma bort frå dykk, så dei ikkje øydelegg grøda på åkeren og vinstokkane på marka ikkje kastar frukta, seier HERREN over hærskarane.[12] Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle, for de har eit ettertrakta land, seier HERREN over hærskarane.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)