A A A A A

Kirke: [Å prise Gud]


Hebreerne 13:15
Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.

Daniel 2:20
Han tok til orde og sa: Velsigna er Guds namn frå æve og til æve! For visdomen og styrken er hans.

Salmenes 22:3
Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje, eg ropar om natta og finn ikkje ro.

Salmenes 34:1
Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg. Alef א

2 Samuels 22:50
Difor vil eg prisa deg mellom folka, HERRE, og lovsyngja ditt namn.

Salmenes 100:4
Kom gjennom portane hans med takkesong, inn i føregardane med lovsong! Lov han, velsign hans namn!

Efeserne 1:6
til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt.

Efeserne 5:19
og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!

Salmenes 150:6
Alt som har ande, skal lova HERREN. Halleluja!

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)