Instagram
English
A A A A A

Kirke: [Pastorer]


2 Timoteus 4:2
Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising!

Apostlenes Gjerninge 20:28
Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod.

Hebreerne 13:17
Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.

Jakobs 3:1
Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom.

Jeremias 3:15
Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand.

Salomos Ordsprog 23:27
Ei hore er ei djup grav, ei framand kvinne er ein trong brønn.

Efeserne 4:11-12
[11] Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.[12] Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp,

1 Peters 5:1-4
[1] Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast:[2] Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.[3] Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken.[4] Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.

Titus 1:5-9
[5] Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få orden på det som endå var ugjort, og setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.[6] Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.[7] For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.[8] Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.[9] Han må halda seg til det truverdige ordet i samsvar med læra, så han er skikka til både å rettleia etter den sunne læra og å visa at dei som talar imot, tek feil.

Esekiel 34:1-10
[1] HERRENS ord kom til meg:[2] Menneske, tal profetord mot Israels gjetarar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren GUD: Ve Israels gjetarar, som berre gjeter seg sjølve! Er det ikkje sauene dei skal gjeta?[3] De et feittet og kler dykk med ulla og slaktar dei beste dyra, men sauene gjeter de ikkje.[4] Ikkje har de styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke, ikkje bunde om dei skadde, ikkje ført tilbake dei bortdrivne, ikkje leita opp dei bortkomne, men med makt har de herska over dei, og med tvang.[5] Sauene vart spreidde, dei hadde ingen gjetar. Dei vart til føde for alle slag villdyr, dei vart spreidde.[6] Sauene mine villa seg bort på alle fjell og høge haugar. Dei vart spreidde ut over heile jorda, ingen spør etter dei og ingen leitar.[7] Difor, gjetarar, høyr HERRENS ord![8] Så sant eg lever, seier Herren GUD: Sanneleg, sauene mine har vorte til rov og til føde for alle slag villdyr, for dei har ingen gjetar. Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene. Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.[9] Difor, gjetarar, høyr HERRENS ord![10] Så seier Herren GUD: Sjå, eg kjem mot gjetarane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg avset dei som sauegjetarar. Og dei skal ikkje lenger få gjeta seg sjølve. Eg vil berga sauene mine ut or gapet deira. Dei skal ikkje ha dei til føde.

1 Timoteus 3:1-13
[1] Dette er eit truverdig ord. Om nokon gjerne vil ha ei tilsynsteneste, er det ei verdfull oppgåve han ønskjer seg.[2] Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,[3] ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.[4] Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.[5] For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?[6] Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen.[7] Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.[8] På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning.[9] Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit.[10] Men dei òg skal prøvast først, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.[11] På same måten skal kvinnene vera ærbare, ikkje fara med sladder, men vera edruelege og pålitelege i alt.[12] Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal styra både born og hus på ein god måte.[13] For dei som gjer tenesta si på ein god måte, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)