A A A A A

Kirke: [Messias i Bibelen]


Apostlenes Gjerninge 2:38
Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve.

5 Mosebok 18:15
Ein profet som meg vil HERREN din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.

1 Mosebok 3:15
Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.»

1 Mosebok 49:10
Septer skal ikkje vika frå Juda eller herskarstav frå føtene hans til eigaren kjem, han som folka skal lyda.

Esaias 7:14
Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.

Esaias 11:1
Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.

Johannes 1:41
Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» — Messias tyder «Han som er salva».

Johannes 4:25
Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», — Messias er det same som Kristus — «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.»

Johannes 14:6
Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.

Malakias 3:1
Sjå, eg sender min bodberar, han skal rydda veg for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de søkjer, og bodberaren for pakta, han som de lengtar etter, sjå, han kjem, seier HERREN over hærskarane.

Mika 5:2
Difor skal han overgje dei, heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd. Då skal resten av brørne hans koma tilbake til Israels born.

Sakarias 9:9
Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole.

Johannes 4:25-26
[25] Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», — Messias er det same som Kristus — «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.»[26] Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

Esaias 9:5-7
[5] Ja, kvar støvel som trampa, og kvar kappe tilsølt med blod skal brennast og bli til føde for elden.[6] For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.[7] Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe med rett og rettferd frå no og for all tid. HERREN over hærskarane skal gjera dette i sin brennande iver.

Salmenes 22:16-18
[16] Munnen er tørr som eit potteskar, tunga er klistra til ganen. Du legg meg ned i dødens støv.[17] Hundar samlar seg om meg, ein flokk av valdsmenn kringset meg. Dei gjennomborar mine hender og føter.[18] Kvart bein i kroppen kan eg telja. Dei stirer, dei ser på meg.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)