A A A A A

Kirke: [ভাষায় কথা বলা]


1 Korintierne ๑:๕
খ্রীষ্ট যীশুর আশীর্বাদে তোমরা সব কিছুতে, সমস্ত রকম বলবার ক্ষমতায় ও জ্ঞানে উপচে পড়ছ৷

Apostlenes Gjerninge ๒:๔
Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

Apostlenes Gjerninge ๑๙:๖
Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk.

Galaterne 5:22
Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,

Markus ๑๖:๑๗
Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål,

1 Korintierne 14:2
For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.

1 Korintierne ๑๔:๒๓
Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

1 Korintierne 14:27-28
[27] Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.[28] Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

1 Korintierne 12:8-11
[8] For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden.[9] Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden.[10] Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.[11] Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.

1 Korintierne ๑๓:๑-๑๓
[๑] Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.[๒] Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.[๓] Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne.[๔] Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.[๕] Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.[๖] Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.[๗] Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.[๘] Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.[๙] For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.[๑๐] Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.[๑๑] Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.[๑๒] No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.[๑๓] Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

1 Korintierne 14:1-40
[1] Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.[2] For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.[3] Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst.[4] Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.[5] Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd.[6] Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?[7] På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?[8] Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?[9] Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta.[10] Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining.[11] Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.[12] På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga![13] Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.[14] For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.[15] Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden.[16] For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.[17] Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det.[18] Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.[19] Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.[20] Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.[21] Det står skrive i lova: Gjennom folk med andre tungemål og med andre språk på leppene skal eg tala til dette folket, men endå vil dei ikkje høyra på meg, seier Herren.[22] Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande.[23] Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?[24] Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle.[25] Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk![26] Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging![27] Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.[28] Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.[29] Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt.[30] Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.[31] For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.[32] Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.[33] For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle forsamlingar av dei heilage[34] skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier.[35] Men er det noko dei vil læra, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i forsamlinga.[36] Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome?[37] Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.[38] Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken.[39] Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger.[40] Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)