A A A A A

Kirke: [Pinse]


2 Mosebok 34:22-43
[22] Du skal halda vekefesten når du haustar inn den første kveiten, og festen for innhaustinga når året er ute.[23] Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for HERREN, Israels Gud.[24] For eg vil driva folkeslag bort for deg og utvida grensene dine. Ingen skal trå etter landet ditt medan du dreg opp for å stiga fram for HERREN din Guds andlet tre gonger om året.[25] Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og offeret ved påskefesten må ikkje liggja natta over til neste morgon.[26] Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til HERREN din Guds hus. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.[27] HERREN sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.»[28] Moses var hos HERREN i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.[29] Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han.[30] Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han.[31] Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei.[32] Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda HERREN hadde gjeve han på Sinai-fjellet.[33] Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt.[34] Men kvar gong han gjekk fram for HERRENS andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre.[35] Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.[36] Moses samla heile Israels forsamling og sa til dei: Dette er det HERREN har bode dykk å gjera:[37] I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera heilag for dykk. Han skal vera ein sabbat, ein kviledag for HERREN. Kvar den som gjer noko arbeid på den dagen, skal døy.[38] De skal ikkje gjera opp eld i nokon av bustadene dykkar på sabbatsdagen.[39] Moses tala til heile forsamlinga i Israel: Dette er det HERREN har gjeve påbod om:[40] De skal gje ei offergåve til HERREN av det de eig! Kvar den som gjev av eit villig hjarte, skal koma til HERREN med gåva: gull, sølv og bronse,[41] purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, fint lin og geiteragg,[42] raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre,[43] olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,

5 Mosebok 16:9-25
[9] Du skal telja sju veker fram. Frå den dagen du tek sigden for å skjera det fullmogne kornet, skal du rekna sju veker.[10] Då skal du halda vekefesten for HERREN din Gud og bera fram dei frivillige offera du lovar, alt etter som HERREN din Gud har velsigna deg.[11] Du skal gleda deg for HERREN din Guds andlet på den staden HERREN din Gud vel ut til bustad for namnet sitt, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttarane, dei farlause og enkjene som er hos deg.[12] Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Hald desse forskriftene og gjer etter dei.[13] Lauvhyttefesten skal du halda i sju dagar når du har samla inn det som kjem frå treskjeplassen din og vinpressa di.[14] Du skal gleda deg i denne høgtida, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane og innflyttarane, dei farlause og enkjene som bur i byane dine.[15] I sju dagar skal du feira høgtid for HERREN din Gud på den staden HERREN vil velja seg ut. For HERREN din Gud skal velsigna deg og alt arbeidet ditt, alt du avlar og haustar inn, og du skal berre gleda deg.[16] Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for HERREN din Guds andlet på den staden han vil velja seg ut: i høgtida med usyra brød, ved vekefesten og ved lauvhyttefesten. Ingen må visa seg tomhendt for HERRENS andlet.[17] Kvar og ein skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigninga HERREN din Gud har gjeve deg.[18] I alle dei byane HERREN din Gud gjev deg, skal du setja inn dommarar og tilsynsmenn for stammane dine, og dei skal dømma folket med rettferdige dommar.[19] Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett.[20] Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som HERREN din Gud gjev deg.[21] Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje ein trestolpe av noko slag ved sida av altaret som du byggjer for HERREN din Gud,[22] og heller ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar HERREN din Gud.[23] Du skal ikkje ofra til HERREN din Gud oksar eller sauer som har ein feil av alvorleg slag, for det er avskyeleg for HERREN din Gud.[24] Det kan henda at det finst ein mann eller ei kvinne hos deg, i ein av dei byane HERREN din Gud gjev deg, som gjer det som vondt er i HERREN din Guds auge og bryt pakta hans,[25] ein som går bort og dyrkar og tilbed andre gudar, eller sola eller månen eller heile himmelhæren. Det har eg forbode.

Apostlenes Gjerninge 2:1-13
[1] Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.[2] Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.[3] Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.[4] Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.[5] I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.[6] Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.[7] Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?[8] Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?[9] Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia,[10] Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma,[11] jødar og proselyttar, kretarar og arabarar — og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»[12] Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»[13] Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)