A A A A A

Kirke: [Lignelser fra Jesus]


Matteus 5:14-16
[14] De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.[15] Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.[16] Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

Matteus 7:1-5
[1] Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde![2] Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.[3] Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?[4] Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige?[5] Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

Matteus 9:16-17
[16] Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større.[17] Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»

Matteus 12:24-30
[24] Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»[25] Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande.[26] Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?[27] Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.[28] Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.[29] Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.[30] Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

Matteus 13:1-23
[1] Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.[2] Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.[3] Så tala han til dei i mange likningar og sa: «Ein såmann gjekk ut for å så.[4] Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.[5] Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.[6] Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.[7] Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.[8] Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.[9] Den som har øyre, høyr!»[10] Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»[11] Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.[12] For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.[13] Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.[14] På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja![15] For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.[16] Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer.[17] Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.[18] Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:[19] Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.[20] Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.[21] Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.[22] Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.[23] Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»

Matteus 13:24-30
[24] Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.[25] Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.[26] Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.[27] Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’[28] ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.[29] ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.[30] Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

Matteus 13:31-32
[31] Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.[32] Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.»

Matteus 13:33-34
[33] Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»[34] Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.

Matteus 13:44
Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.

Matteus 13:45-46
[45] Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.[46] Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.

Matteus 13:47-50
[47] Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.[48] Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.[49] Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige[50] og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.

Matteus 15:10-20
[10] Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå![11] Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»[12] Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»[13] Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot.[14] Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»[15] Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.»[16] «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.[17] «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal?[18] Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint.[19] For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.[20] Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»

Matteus 18:10-14
[10] Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far.[11] {{For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.}}[12] Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?[13] Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill.[14] Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.

Matteus 18:23-35
[23] Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.[24] Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.[25] Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.[26] Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’[27] Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.[28] Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’[29] Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’[30] Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.[31] Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt.[32] Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.[33] Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’[34] Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.[35] Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.»

Matteus 20:1-16
[1] Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin.[2] Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.[3] Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.[4] Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’[5] Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins.[6] Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’[7] ‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’[8] Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’[9] Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.[10] Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg.[11] Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren[12] og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’[13] Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?[14] Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.[15] Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’[16] Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»

Matteus 21:28-32
[28] Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’[29] ‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk.[30] Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. ‘Ja, herre’, svara han; men han gjekk ikkje.[31] Kven av dei to gjorde som faren ville?» «Den første», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de.[32] For Johannes kom til dykk på rettferdsveg, men de trudde han ikkje. Tollarane og horene, derimot, dei trudde han. Men de, endå de såg dette, angra de ikkje då heller, så de trudde han.

Matteus 21:33-45
[33] Høyr ei anna likning: Det var ein jordeigar som planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse der og bygde eit vakttårn. Så leigde han vingarden bort til nokre vinbønder og drog utanlands.[34] Då det nærma seg innhaustingstida, sende han tenarane sine til bøndene for å få avlinga si.[35] Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei, og ein steina dei.[36] Sidan sende han andre tenarar, fleire enn første gongen, men dei gjorde det same med dei.[37] Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’[38] Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’[39] Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.[40] Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?»[41] «Ein vond død skal han gje desse vonde menneska», svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»[42] Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Dette er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge.[43] Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.[44] Den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»[45] Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til.

Matteus 22:1-14
[1] Så tok Jesus til orde att og tala til dei i likningar:[2] «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.[3] Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma.[4] Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’[5] Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til handelen sin.[6] Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel.[7] Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.[8] Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.[9] Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’[10] Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.[11] Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd.[12] Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.[13] Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’[14] For mange er kalla, men få er utvalde.»

Matteus 24:32-35
[32] Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.[33] Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.[34] Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.[35] Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Matteus 24:45-51
[45] Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?[46] Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake![47] Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.[48] Men set at det er ein dårleg tenar som seier til seg sjølv: ‘Herren min dryger nok lenge enno’,[49] og så tek til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.[50] Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,[51] og hogga han ned og la han få dela lagnad med hyklarane. Der skal dei gråta og skjera tenner.

Matteus 25:1-13
[1] Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen.[2] Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke.[3] Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.[4] Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine.[5] Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.[6] Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’[7] Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.[8] Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’[9] ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’[10] Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.[11] Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’[12] Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’[13] Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Matteus 25:14-30
[14] Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde.[15] Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent — etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.[16] Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.[17] Han med to gjorde det same og tente to til.[18] Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.[19] Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.[20] Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’[21] Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’[22] Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’[23] ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’[24] Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut.[25] Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’[26] Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut.[27] Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.[28] Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti![29] For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.[30] Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)