A A A A A

Dårlig Karakter: [Stolthet]


Galaterne 6:4
Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort.

Esaias 2:12
For det kjem ein dag frå HERREN over hærskarane då alt som er hovmodig og høgt, alt som kneisar, skal fornedrast,

Esaias 23:9
HERREN over hærskarane har planlagt det for å audmjuka alt som er stort og stolt, og vanæra alle dei fornemme på jorda.

Jakobs 4:6
Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

Jakobs 4:10
Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.

Jeremias 9:23
Så seier HERREN: Den vise skal ikkje vera stolt av visdomen sin, den sterke skal ikkje vera stolt av styrken sin, den rike skal ikkje vera stolt av rikdomen sin.

Matteus 2:3
Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.

Salomos Ordsprog 8:13
Å frykta HERREN er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og stormod, den vonde vegen og all svikefull tale.

Salomos Ordsprog 11:2
Kjem hovmod, kjem skam, med dei audmjuke følgjer visdom.

Salomos Ordsprog 13:10
Hovmod fører berre til trette, vise er dei som tek imot råd.

Salomos Ordsprog 16:5
HERREN avskyr den som har eit hovmodig hjarte, når tida er inne, blir han straffa.

Salomos Ordsprog 16:18-19
[18] Stormod kjem føre samanbrot, hovmod føre fall.[19] Betre å vera audmjuk med dei fattige enn å dela bytte med dei stolte.

Salomos Ordsprog 18:12
Før mannen fell, er han stolt i hjartet, føre ære går audmjukt sinn.

Salomos Ordsprog 21:4
Stolte auge og hovmodig hjarte — lyset til dei urettferdige er synd.

Salomos Ordsprog 21:24
Den frekke og stolte skal kallast ein spottar, hovmodig og frekt fer han fram.

Salomos Ordsprog 25:27
Å eta for mykje honning er ikkje godt, heller ikkje stendig å trå etter ære!

Salomos Ordsprog 26:12
Ser du ein mann som er vis i eigne auge? Det er større håp for dåren enn for han.

Salomos Ordsprog 27:2
Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn, ein framand, ikkje dine eigne lepper.

Salomos Ordsprog 29:23
Hovmod fører menneske til fall, men den audmjuke vinn ære.

Salmenes 10:4
Den lovlause set nasen i vêret. «Han krev meg ikkje til rekneskap! Det finst ingen Gud», er alt han tenkjer.

Salmenes 138:6
Høg er HERREN, men han ser den låge og kjenner den stolte på lang avstand.

Romerne 12:3
Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! — kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.

Romerne 12:16
Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!

1 Korintierne 13:4
Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

Daniel 5:20
Men då han vart stor i eigne tankar og stolt og hovmodig i si ånd, vart han støytt ned frå kongetrona, og æra hans vart teken frå han.

Galaterne 6:1-3
[1] Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista.[2] Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.[3] Dei som trur dei er noko, sjølv om dei ingenting er, lurer seg sjølve.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)