A A A A A

Ytterligere: [Legemidler]


Efeserne 5:18
Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden

Galaterne 5:19-21
[19] Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,[20] avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar,[21] misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

1 Korintierne 6:19-20
[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

1 Peters 5:8
Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.

1 Korintierne 5:11
Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med.

1 Timoteus 5:23
Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.

Salomos Ordsprog 20:1
Vinen er ein spottar, sterk drikk er ein skrålhals, vitlaus er den som ravar i rus.

Apenbaring 21:8
Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

Apenbaring 9:21
Dei vende ikkje om frå sine mord og sin trolldom, frå sitt horeri og si steling.

1 Peters 4:7
Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be.

Salomos Ordsprog 4:23
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.

1 Peters 1:13
Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.

Apenbaring 18:23
I deg skal det aldri meir skina lys frå noka lampe. I deg skal det aldri meir høyrast røyster av brudgom og brur. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

Matteus 27:34
gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka.

1 Korintierne 6:9-19
[9] Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med,[10] verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.[11] Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande.[12] Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.[13] Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen.[14] Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.[15] Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til horelemer? Langt ifrå![16] Eller veit de ikkje at den som held seg til ei hore, er éin kropp med henne? For det er sagt: Dei to skal vera éin kropp.[17] Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.[18] Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:

1 Tessalonikerne 5:6-8
[6] Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue![7] For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.[8] Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.

1 Korintierne 10:13
De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.

Salomos Ordsprog 23:29-35
[29] Kven ropar akk, kven ropar ve, kven må krangla, og kven må klaga? Kven har utan grunn fått sår, og kven har sløve auge?[30] Jau, dei som sit lenge oppe over vinen, dei som kjem for å smaka på kryddervinen.[31] Sjå ikkje på vinen, kor raud han er, kor fint han blenkjer i kruset, og kor lett han renn ned.[32] Til sist bit han som ein slange, han høgg som ein orm.[33] Då ser auga dine underlege ting, og hjartet snakkar tull og tøv.[34] Det er som var du midt ute på havet og sov høgt oppe i riggen.[35] «Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt. Dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil ha meir å drikka!»

Johannes 10:10
Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

1 Tessalonikerne 5:6
Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!

1 Korintierne 6:10
verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.

Esaias 5:11
Ve dei som jagar etter sterk drikk frå tidleg morgon av, som sit til seint på kveld og blir heite av vin.

Titus 1:7-8
[7] For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.[8] Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.

Titus 3:1
Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, retta seg etter dei og vera villige til å gjera alt som er godt.

Johannes 1:2
Han var i opphavet hos Gud.

Romerne 13:13
Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning.

Galaterne 5:16
Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod.

Romerne 13:1-2
[1] Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.[2] Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom.

1 Korintierne 6:9-10
[9] Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med,[10] verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.

1 Peters 5:10
Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal utrusta dykk, gje dykk kraft og styrke og grunnfesta dykk.

Filippenserne 1:6
Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne — heilt til Jesu Kristi dag.

Romerne 15:13
Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.

Salmenes 34:17
HERRENS andlet er vendt mot dei som gjer det vonde, han skal utrydda minnet om dei frå jorda. Tsade צ

Hebreerne 12:1
Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)