A A A A A

Ytterligere: [Tatoveringer]


3 Mosebok 19:28
De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er HERREN.

1 Korintierne 6:18-20
[18] Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.[19] Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:[20] De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Apenbaring 19:16
På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.

1 Korintierne 10:23-31
[23] Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.[24] Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.[25] Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.[26] For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.[27] Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.[28] Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje — for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.[29] Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømmast av samvitet til ein annan?[30] Om eg tek imot dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for?[31] Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

Efeserne 5:10
Prøv då kva som er til glede for Herren!

5 Mosebok 14:1
De er born av HERREN dykkar Gud. De skal ikkje skjera dykk eller raka dykk snaue over panna når de sørgjer over ein som er død.

1 Korintierne 3:16-17
[16] Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?[17] Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.

1 Korintierne 9:27
Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

Romerne 12:1
Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)