A A A A A

Gud: [Velsignelse]


Lukas 6:38
Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»»

Matteus 5:4
Sæle dei som syrgjer! Dei skal verta trøysta.

Filippenserne 4:19
Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.

Salmenes 67:7
Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss. Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.

4 Mosebok 6:24-25
[24] «Herren velsigne deg og vare deg![25] Herren late sit andlit lysa mot deg, og vere deg nådig!

Filippenserne 4:6-7
[6] Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing![7] Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.

Jakobs 1:17
All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil frå faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge.

Jeremias 17:7-8
[7] Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.[8] Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.

Esaias 41:10
ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.

Johannes 1:16
Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;

1 Mosebok 22:16-17
[16] og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,[17] so skal eg storom velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernorne på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgerne frå sine fiendar,

1 Mosebok 27:28-29
[28] So gjeve Gud deg dogg frå himlen høge, og engjar av dei feitaste på jordi, og nøgdi utav korn og druvesaft![29] Deg tjoder tena skal, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygje seg for deg! Forbanna vere dei som deg forbannar! Velsigna vere dei som deg velsignar!»

Salmenes 1:1-3
[1] Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,[2] men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.[3] Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.

Salmenes 23:1-4
[1] Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.[2] Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila.[3] Han kveikjer mi sjæl, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.[4] Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.

2 Samuels 22:3-4
[3] Gud er mitt berg som eg flyr til! Min skjold og mitt frelseshorn Mi høge borg! mi livd! Frelsaren min som friar meg ifrå vald![4] Eg kallar på Herren, den høglova: Frå fiendarne mine frelsar han meg.

1 Johannes 5:18
Me veit at kvar den som er fødd av Gud, han syndar ikkje; men den som er fødd av Gud, varar seg, og den vonde rører honom ikkje.

Salmenes 138:7
Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.

2 Korintierne 9:8
Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,

Filippenserne 4:7
Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921