A A A A A

Synder: [Avhengighet]


1 Korintierne 10:13-14
[13] Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.[14] Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!

1 Johannes 2:16
For alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi.

1 Korintierne 15:33
Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder.

Jakobs 4:7
Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!

1 Korintierne 6:12
Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg.

1 Peters 5:10
Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.

Salmenes 50:15
og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»

Romerne 5:3-5
[3] Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslorne våre, med di me veit at trengsla verkar tolmod,[4] og tolmodet verkar røynsla, og røynsla verkar von,[5] og voni gjer ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande som er oss gjeven.

1 Korintierne 6:9-11
[9] Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi,[10] eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.[11] Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.

Titus 2:12
med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi,

Jakobs 1:2-3
[2] Haldt det for berre gleda, mine brør, når de kjem ut i ymse freistingar,[3] etter di de veit at prøvingi av dykkar tru verkar tolmod!

Hebreerne 4:15-16
[15] For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.[16] Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!

Johannes 3:16-17
[16] For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.[17] For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved honom.

Filippenserne 4:13
Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk.

Salmenes 95:8
Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,

Matteus 6:13
og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen.

Matteus 26:41
Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921