A A A A A

Mysterier: [Drager]


Esekiel 29:3
Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.»

Esekiel 32:2
Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Farao, egyptarkongen, og seg til honom: Ei ungløva millom folki vilde du vera lik, og so var du som draken i havet, og du for fram i elvarne dine, og grugga upp vatnet med føterne dine og rota upp straumarne.

Esaias 27:1
På den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Livjatan, den flogsnare ormen, og Livjatan, den krøkjande ormen, og han skal drepa sjøormen.

Esaias 51:9
Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det ’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel?

Jobs 7:12
Er eg eit hav, er eg ein drake, med di du vaktar so på meg?

Jobs 41:18-21
[18] Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved.[19] Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm,[20] og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar.[21] Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede.

Salmenes 18:8
Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.

Salmenes 44:19
Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg,

Salmenes 74:13
Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet.

Apenbaring 1:7
Sjå, han kjem med skyerne, og kvart auga skal sjå honom, ogso dei som hev gjenomstunge honom, og alle ætter på jordi skal gråta sårt for honom. Ja, Amen!

Apenbaring 11:7
Og når dei hev fullført sitt vitnemål, skal det dyret som stig upp or avgrunnen, føra strid med deim og vinna på deim og drepa deim.

5 Mosebok 32:33
Vinen av deim er orme-eiter og øgjeleg drakefraud.

Apenbaring 13:8
Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta.

Apenbaring 16:13
Og eg såg at det or munnen på draken og or munnen på dyret og or munnen på den falske profeten kom ut tri ureine ånder liksom paddor.

2 Mosebok 7:10-12
[10] So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.[11] Då sende Farao bod etter vismennerne og trollkararne, runemeistrarne, som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunsterne sine og gjorde det same.[12] Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar, men staven hans Aron gløypte stavarne deira.

Jobs 40:15-20
[15] Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der.[16] Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev.[17] Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom.[18] Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap.[19] Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten?[20] Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum,

Apenbaring 12:1-17
[1] Og eit stort teikn vart set i himmelen: ei kvinna klædd med soli, og med månen under føterne, og på hovudet hadde ho ei kruna av tolv stjernor.[2] Og ho var med barn og skreik i barnsnaud og i harde føderider.[3] Og eit anna teikn vart set i himmelen, og sjå: ein stor eldraud drake, som hadde sju hovud og ti horn og på hovudi sine sju krunor.[4] Og sterten hans drog tridjeparten av stjernorne på himmelen med seg og kasta deim ned på jordi; og draken stod framfor kvinna som skulde føda, so han kunde gløypa barnet hennar når ho hadde født det.[5] Og ho fødde eit gutebarn, som skal styra alle heidningarne med jarnstav, og barnet hennar vart upprykt til Gud og til hans kongsstol.[6] Og kvinna flydde ut i øydemarki, der ho hev ein stad som Gud hev laga til åt henne, for at dei skal næra henne der i tusund tvo hundrad og seksti dagar.[7] Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar stridde med draken, og draken stridde, og hans englar.[8] Og dei vann ikkje, og deira stad vart ikkje heller meir funnen i himmelen.[9] Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som dårar heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englarne hans vart kasta ned med honom.[10] Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen, som sagde: «Frå no eig vår Gud frelsa og krafti og riket, og den han salva, hev magti; for klagaren mot brørne våre er kasta ned, han som klaga deim for vår Gud dag og natt.[11] Og dei hev vunne yver honom i kraft av blodet av Lambet og det ordet dei vitna; og dei hadde ikkje livet sitt kjært, alt til dauden.[12] Difor fagna dykk, de himlar, og de som bur i deim! Usæle jordi og havet! for djevelen hev fare ned til dykk i stor vreide, då han veit at han berre hev ei liti tid.»[13] Og då draken såg at han var nedkasta til jordi, forfylgde han kvinna som hadde født guten.[14] Og dei tvo vengjerne på den store ørnen vart gjevne til kvinna, so ho skulde fljuga ut i øydemarki til sin stad, der ho fær si føda ei tid og tider og ei halv tid, langt ifrå augo på ormen.[15] Og ormen spruta or gapet sitt vatn som ei elv etter kvinna, for å riva henne burt med elvi.[16] Men jordi kom kvinna til hjelp, og jordi opna sin munn og svelgde elvi som draken spruta ut or gapet sitt.[17] Og draken vart arg på kvinna og gjekk burt og skulde strida med dei andre av hennar ætt, dei som held Guds bod og hev Jesu vitnemål. Og eg stod på sanden ved havet.

Apenbaring 13:1-18
[1] Og eg såg eit dyr stiga upp or havet, det hadde ti horn og sju hovud, og på horni sine ti krunor, og på hovudi sine spottings namn.[2] Og dyret som eg såg, var likt ein leopard, og føterne på det var som på ein bjørn, og gapet som eit løvegap. Og draken gav det si kraft og sin kongsstol og stor magt.[3] Og eg såg eit av hovudi på det liksom såra til ulivs; og ulivssåret vart lækt, og all jordi undrast og fylgde etter dyret;[4] og dei tilbad draken for di han hadde gjeve dyret magt, og dei tilbad dyret og sagde: «Kven er lik dyret, og kven kann strida mot det?»[5] Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det vart gjeve det magt til å halda på i tvo og fyrti månader.[6] Og det opna munnen sin til spottingar mot Gud, til å spotta hans namn og hans bustad, deim som bur i himmelen.[7] Og det vart det gjeve å føra strid mot dei heilage og vinna på deim, og det vart gjeve det magt yver kvar ætt og kvar landslyd og kvart tungemål og kvart folk.[8] Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta.[9] Dersom nokon hev øyra, so høyre han![10] Um nokon fører i fengsel, han skal i fengsel. Um nokon drep med sverd, han skal drepast med sverd. Her er tolmodet og trui til dei heilage.[11] Og eg såg eit anna dyr stiga upp or jordi, og det hadde tvo horn liksom eit lamb, og tala liksom ein drake.[12] Og det brukar heile magti åt det fyrste dyret for augo på det, og gjer at jordi og dei som bur på henne, tilbed det fyrste dyret, som ulivssåret vart lækt på.[13] Og det gjer store teikn, so det endå fær eld til å falla ned frå himmelen på jordi for augo på menneski.[14] Og det dårar deim som bur på jordi, for dei teikn skuld som det hev fenge magt til å gjera for augo på dyret, med di det segjer til deim som bur på jordi, at dei skal gjera eit bilæte åt det dyret som hev såret av sverdet og vart i live.[15] Og det fekk magt til å gjeva dyrebilætet livs-ande, so dyrebilætet jamvel kunde tala, og gjera so, at alle dei som ikkje vilde tilbeda dyrebilætet, skulde drepast.[16] Og det gjer at alle, både små og store, rike og fatige, frie og trælar, fær eit merke på si høgre hand eller på panna si,[17] og at ingen kann kjøpa eller selja, utan den som hev merket, namnet på dyret eller talet for dette namnet.[18] Her er det visdomen! Den som hev vit, han rekne ut talet til dyret; for det er talet for eit menneskje, og talet for det er seks hundrad og seks og seksti.

Apenbaring 20:1-15
[1] Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi si.[2] Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt honom for tusund år[3] og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund.[4] Og eg såg stolar, og dei sette seg på deim, og det vart gjeve deim magt til å halda dom; og eg såg deira sjæler som var halshogne for Jesu vitnemål og Guds ord skuld, og deim som ikkje hadde tilbede dyret eller bilætet av det, og ikkje teke merket på panna si og på handi si; og dei vart livande og rådde saman med Kristus i tusund år.[5] Men dei andre daude vart ikkje livande att, fyrr dei tusund år var fullenda. Dette er den fyrste uppstoda.[6] Sæl og heilag er den som hev lut i den fyrste uppstoda; yver deim hev den andre dauden ingi magt, men dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda saman med honom i tusund år.[7] Og når dei tusund åri er fullenda, skal Satan verta løyst ut or sitt fengsel,[8] og han skal ganga ut og dåra folki ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra deim saman til strid, og talet på deim er som havsens sand.[9] Og dei drog upp på den vide jordflata og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska. Og det fall eld ned ifrå himmelen frå Gud og øydde deim.[10] Og djevelen, som hadde dåra deim, vart kasta i sjøen med eld og svåvel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva.[11] Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim.[12] Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna, og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som var skrive i bøkerne, etter gjerningarne sine.[13] Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar.[14] Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen.[15] Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921