A A A A A

Mysterier: [Romvesener]


Kolossenserne 1:16
for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom,

5 Mosebok 4:19
Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og månen og stjernorne, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du bed til deim og dyrkar deim, deim som Herren, din Gud, hev gjeve åt alle folk under heile himmelen!

5 Mosebok 17:3
og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren,

Efeserne 2:19
So er de no ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk,

Efeserne 6:12
For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.

2 Mosebok 12:49
Det skal gjelda same lovi for deim som er fødde og alne i landet og for dei framande som held til hjå dykk.»

2 Mosebok 22:21
Dei framande skal du ikkje plåga eller fara hardt med; for de var sjølve framande i Egyptarlandet.

2 Mosebok 23:9
Far ikkje hardt med dei framande! For de veit korleis det er å kjenna seg framand; de var sjølve framande i Egyptarlandet.

Esekiel 1:4-7
[4] Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.[5] Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad.[6] Og fire andlit var det på kvart eitt av deim og fire vengjer på kvart eitt av deim.[7] Og føterne deira, dei var beine, og fotbladi deira var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.

1 Mosebok 1:26
Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»

1 Mosebok 2:1
So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.

Hebreerne 11:13
I tru døydde alle desse, utan dei hadde nått det som var lova; men dei såg det langt burte, og helsa det og sanna at dei var framande og utlendingar på jordi.

Hebreerne 13:2
Gløym ikkje gjestmilda! for ved den hev nokre havt englar til gjester, utan dei visste det.

Esaias 13:5
Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.

Esaias 45:12
Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut.

Esaias 60:8
Kven er det som flyg som skyer, som duvor til sine hus?

3 Mosebok 24:22
Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg, Herren, er dykkar Gud.»»

Nehemias 9:6
Einast du er Herren. Du hev skapt himmelen, ja, himle-himlarne og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i deim er. Det er du som held liv i deim alle. Og himmelheren kastar seg ned for deg.

Salmenes 97:6
Himmelen forkynner hans rettferd, og alle folki hans æra.

1 Peters 2:11
Kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar, at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjæli,

Apostlenes Gjerninge 19:35
Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte?

Apenbaring 12:12
Difor fagna dykk, de himlar, og de som bur i deim! Usæle jordi og havet! for djevelen hev fare ned til dykk i stor vreide, då han veit at han berre hev ei liti tid.»

Apenbaring 13:1
Og eg såg eit dyr stiga upp or havet, det hadde ti horn og sju hovud, og på horni sine ti krunor, og på hovudi sine spottings namn.

Amos 9:2-3
[2] Bryt dei seg inn i helheim, mi hand tek deim derifrå ut, stig dei til himmelen upp, derifrå driv eg deim ned.[3] Um dei gøymer seg burt på Karmels topp, eg finn deim og hentar deim heim. Um frå augo mine dei løyner seg av på havsens botn, derifrå byd eg ormen fram, og han skal deim bita.

3 Mosebok 19:33-34
[33] Når ein framand bur hjå deg og held til i landet dykkar, so skal de ikkje vera hard med honom;[34] han skal vera for dykk som ein av landsmennerne dine, og du skal vilja honom likso vel som deg sjølv; for de var og framande i Egyptarlandet. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!

Apenbaring 9:7-11
[7] Og grashopparne såg ut som hestar, tilbudde til strid; og på hovudi deira var det liksom krunor av gull, og andliti deira var som menneskjeandlit.[8] Og dei hadde hår som kvendehår, og tennerne deira var som løvetenner.[9] Og dei hadde brynjor liksom jarnbrynjor, og ljoden av vengjerne deira var som ljod av vogner når mange hestar renner til strid.[10] Og dei hadde stertar liksom skorpionar, og det var broddar i stertarne deira, og dei hadde magt til å skada menneski fem månader.[11] Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen, hans namn er på hebraisk Abaddon, og på gresk hev han namnet Apollyon.

1 Mosebok 6:1-22
[1] Og det hende, då manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter,[2] då såg gudssønerne at mannedøtterne var væne, og tok til konor deim som dei kåra seg.[3] Då sagde Herren: «Ikkje skal min ande bu æveleg i mannen, for di um dei hev forset seg. Han er kjøt, og dagarne hans skal vera hundrad og tjuge år.»[4] I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di gudssønerne jamleg gav seg i lag med mannedøtterne, og fekk søner med deim; det var kjemporne, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.[5] Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.[6] Då angra Herren at han hadde skapt mannen på jordi, og han var full av sorg i hjarta.[7] Og Herren sagde: «Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneskje og dyr og krek og fuglarne i lufti; for eg angrar at eg hev skapt deim.»[8] Men Noah fann nåde hjå Herren.[9] Dette er soga um Noah og ætti hans: Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.[10] Og Noah fekk tri søner, Sem og Kham og Jafet.[11] Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett.[12] Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.[13] Då sagde Gud til Noah: «Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både deim og jordi.[14] Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki, og bræda henne med bik både innan og utan.[15] Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg.[16] Øvst på arki skal du gjera ein glugg, som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd.[17] Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi, og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy.[18] Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønerne dine og kona di og konorne åt sønerne dine med deg.[19] Og av alt som liver, alt kjøt, skal du taka tvo av kvart slag med inn i arki, so du held deim i live med deg. Han og ho skal dei vera.[20] Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg.[21] Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg: for deg og for deim skal det vera til føda.»[22] Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sagde honom fyre.

Esekiel 1:1-28
[1] Det hende i det trettiande året, den femte dagen i den fjorde månaden, då eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg og eg såg syner frå Gud.[2] Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin vart burtførd -[3] då kom Herrens ord til Ezekiel Buzison, presten, i Kaldæarlandet attmed Kebarelvi. Herrens hand kom der yver honom.[4] Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.[5] Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad.[6] Og fire andlit var det på kvart eitt av deim og fire vengjer på kvart eitt av deim.[7] Og føterne deira, dei var beine, og fotbladi deira var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.[8] Og dei hadde mannehender under vengjerne på alle fire sidorne. Og med andliti deira og vengjerne deira var det soleis på alle fire:[9] Vengjerne deira nådde i hop, den eine med hin. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt gjekk beint fram.[10] Og deira andlit var som eit mannsandlit på skap, og alle fire hadde løve-andlit på høgresida, og alle fire hadde ukse-andlit på vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlit.[11] Det var no andliti deira. Og vengjerne deira breidde seg ut ovantil. Med tvo av vengjerne sine nådde eitt livende i hop med hitt, og med tvo løynde det likamen sin.[12] Og kvart eitt av deim gjekk beint fram. Kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.[13] Og livendi såg ut som gløder i eld, brennende, som kyndlar å sjå til; elden for att og fram millom livendi, og det skein av honom, og ut or elden gjekk det ljon.[14] Og livendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.[15] Og eg såg livendi, og sjå, det var eit hjul på jordi innmed kvart eitt livende, og dei viste ut mot fire sidor.[16] Og hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eitkvart som liktest på krysolit, og alle fire var eins på skapnad, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.[17] Til alle fire sidorne kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.[18] Og hjulfalli var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring på alle fire.[19] Og når livendi gjekk, so gjekk hjuli attmed deim, og når livendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.[20] Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga. Og hjuli lyfte seg med deim, for åndi åt livendi var i hjuli.[21] Når livendi gjekk, so gjekk dei, og når dei stod, so stod dei, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt livendi var i hjuli.[22] Og uppyver hovudi på livendi var det noko på skap som ein kvelv, som underfull krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.[23] Og uppunder kvelven rette vengjerne deira seg beint ut, kvar mot annan. Kvart einskilt av deim hadde tvo vengjer som dei løynde likamen sin med.[24] Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.[25] Og det ljoma ei røyst uppyver kvelven som var yver hovudi deira. Når dei då stod stilt, let dei vengjerne siga.[26] Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.[27] Og eg såg noko liksom sylvblanda gull, sjåande til liksom eld med ein ljosgard ikring, frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og so uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit skin rundt ikring.[28] Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921