A A A A A

Matematisk Tegn: [Antall 7]


2 Kongebok 5:10
Elisa sende bod ut til honom med dei ordi: «Far av og lauga deg sju gonger i Jordan, so skal kroppen din verta like god att, so du vert rein.»

5 Mosebok 5:12
Du skal koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, soleis som Herren, din Gud, hev sagt med deg!

2 Mosebok 22:30
Det same skal du gjera med nauti dine og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få honom.

Johannes 6:35
Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

Matteus 26:26
Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»

4 Mosebok 4:7
Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.

Josvas 6:3-4
[3] Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar;[4] og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre sambandskista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju vendor kring byen, og prestarne skal blåsa i lurarne.

1 Mosebok 2:1-3
[1] So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.[2] Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort.[3] Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.

1 Mosebok 9:12-16
[12] Og Gud sagde: «Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart livande liv som hjå dykk er, til æveleg tid:[13] Bogen min set eg i skyi: han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi.[14] Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi,[15] då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart livande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt.[16] So skal bogen standa i skyi, og eg sjå honom og minnast ævordomspakti millom Gud og kvart livande liv av alt kjøt som til er på jordi.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921