A A A A A

Matematisk Tegn: [Antall 5]


Apenbaring 13:5-18
[5] Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det vart gjeve det magt til å halda på i tvo og fyrti månader.[6] Og det opna munnen sin til spottingar mot Gud, til å spotta hans namn og hans bustad, deim som bur i himmelen.[7] Og det vart det gjeve å føra strid mot dei heilage og vinna på deim, og det vart gjeve det magt yver kvar ætt og kvar landslyd og kvart tungemål og kvart folk.[8] Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta.[9] Dersom nokon hev øyra, so høyre han![10] Um nokon fører i fengsel, han skal i fengsel. Um nokon drep med sverd, han skal drepast med sverd. Her er tolmodet og trui til dei heilage.[11] Og eg såg eit anna dyr stiga upp or jordi, og det hadde tvo horn liksom eit lamb, og tala liksom ein drake.[12] Og det brukar heile magti åt det fyrste dyret for augo på det, og gjer at jordi og dei som bur på henne, tilbed det fyrste dyret, som ulivssåret vart lækt på.[13] Og det gjer store teikn, so det endå fær eld til å falla ned frå himmelen på jordi for augo på menneski.[14] Og det dårar deim som bur på jordi, for dei teikn skuld som det hev fenge magt til å gjera for augo på dyret, med di det segjer til deim som bur på jordi, at dei skal gjera eit bilæte åt det dyret som hev såret av sverdet og vart i live.[15] Og det fekk magt til å gjeva dyrebilætet livs-ande, so dyrebilætet jamvel kunde tala, og gjera so, at alle dei som ikkje vilde tilbeda dyrebilætet, skulde drepast.[16] Og det gjer at alle, både små og store, rike og fatige, frie og trælar, fær eit merke på si høgre hand eller på panna si,[17] og at ingen kann kjøpa eller selja, utan den som hev merket, namnet på dyret eller talet for dette namnet.[18] Her er det visdomen! Den som hev vit, han rekne ut talet til dyret; for det er talet for eit menneskje, og talet for det er seks hundrad og seks og seksti.

Matteus 19:9
Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.»

Apenbaring 11:2-3
[2] Men fyregarden utanfor templet, lat honom vera og mæl honom ikkje! for han er gjeven åt heidningarne, og dei skal trøda ned den heilage byen i tvo og fyrti månader.[3] Og eg vil gjeva mine tvo vitne, at dei skal vera profetar i tusund og tvo hundrad og seksti dagar, klædde i sekk.

Matteus 5:32
Men eg segjer dykk at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, han valdar at ho gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor.

2 Timoteus 3:16
Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,

Apenbaring 4:6-8
[6] Og framfor stolen var det eit glashav likt krystall, og midt fyre stolen og rundt um stolen er det fire livende, uppfyllte med augo framantil og attantil.[7] Og den fyrste livendet er likt ei løva, og det andre livendet er likt ein ukse, og det tridje livendet hev åsyn som eit menneskje, og det fjorde livendet er likt ei fljugande ørn.[8] Og dei fire livendi hadde, kvart for seg, seks vengjer; rundt ikring og innantil var dei uppfyllte med augo, og dei held ikkje upp dag eller natt med å segja: «Heilag, heilag, heilag er Herren, Gud den allmegtige, han som var og som er og som kjem!»

4 Mosebok 5:11-31
[11] Og Herren tala meir til Moses, og sagde:[12] [12-14] «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Kjem det åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, og kona hev vore utru mot honom og lagt seg burt, men han ikkje veit det visst, og det ikkje kann provast at ho hev skjemt seg ut og lege med ein annan mann, etter di ingen hev kome yver deim og kann vitne imot henne - eller kjem åbryskapen yver honom, so han mistrur kona si, ho ikkje hev skjemt seg ut,[13] [-][14] [-][15] so skal han taka kona med seg til presten, og hava med ei offergåva for henne; det skal vera ei kanna byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet, eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-grjonoffer, eit minnings-grjonoffer: som skal minna um eit brot.[16] Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn.[17] Han skal henta vigslevatn i ei leirskål, og taka noko av dusti som er på golvet i gudshuset og hava uppi vatnet,[18] og når han hev leidt kona fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minningsofferet i henderne - eit åbryskapsoffer skal det vera - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar våde.[19] So skal han lata kona gjera eiden, og segja til henne: «So sant ingen annan mann hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar våde.[20] Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg»[21] - no skal presten lesa upp våbøn-eiden for kona og segja til henne -: «so skal Herren gjera deg til ei våbøn og ei banna hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna,[22] og dette vatnet som valdar våde, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar!» Og kona skal segja: «Ja vel! Ja vel!»[23] Presten skal skriva desse våbønerne upp på eit blad, og två deim av i det vonde vatnet.[24] Sidan skal han lata kona drikka det vonde vatnet som valdar våde, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk.[25] So skal presten taka åbryskapsofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn, og bera det fram åt altaret;[26] og han skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen til ei minning. Og når han hev gjeve kona vatnet, og ho hev drukke det,[27] då skal det henda at dersom kona hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og ho skal verta til ei våbøn hjå folket sitt.[28] Men er ho rein, og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd.[29] Dette de lovi um åbryskap: når ei kona hev vore utru mot mannen sin og skjemt seg ut,[30] eller når det kjem ei åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kona fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne so som er sagt i denne lovi.[31] Mannen skal vera fri for skuld, men kona lyt lida for brotet sitt.»»

1 Kongebok 7:23
Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det.

5 Mosebok 6:4
Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren åleine.

Malakias 3:10
Kom med heile tiendi til forrådshuset mitt, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers drott, um eg ikkje let upp himmellukorne åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål.

Salmenes 104:9
Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.

1 Mosebok 6:12
Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.

1 Mosebok 7:20
Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.

1 Mosebok 8:5-9
[5] Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg.[6] Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort,[7] og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi.[8] So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki.[9] Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki.

1 Mosebok 9:11
Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.»

1 Mosebok 1:31
Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå: det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.

1 Mosebok 3:15
Og hat vil eg setja millom deg og kvinna, og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga deim i hælen.»

1 Korintierne 10:13
Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.

2 Mosebok 20:13
Du skal ikkje drepa!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921