A A A A A

Liv: [Dyr]


1 Mosebok 1:21
So skapte Gud dei store sjødyri, og alt livande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.

1 Mosebok 1:30
Og alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda.» Og so vart det.

Jakobs 3:7
For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur;

Jeremias 8:7
Jamvel storken under himmelen veit sine tider, og turtelduva og svala og trana ansar på tidi når dei skal koma, men mitt folk kjenner ikkje Herrens rett.

Jobs 35:11
gjev oss meir vit enn dyr på mark og meir forstand enn fugl i luft?»

Lukas 3:6
og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»»

Lukas 12:24
Agta på ramnarne! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løda - Gud føder deim. Kor mykje meir er ’kje de enn fuglarne!

Matteus 6:26
Sjå på fuglarne i lufti: Dei sår ikkje, og haustar ikkje, og samlar ikkje i hus, og far dykkar i himmelen føder deim like vel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

Salomos Ordsprog 12:10
Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk.

Salmenes 104:21
Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.

1 Mosebok 2:19-20
[19] Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.[20] Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.

1 Mosebok 9:2-3
[2] Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne.[3] Alt som røyver seg og liver, for dykk skal det vera til føda. Som eg gav dykk dei grøne urterne, so gjev eg dykk alt dette.

1 Mosebok 1:24-28
[24] Då sagde Gud: «Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe og krek og villdyr, kvart etter sitt slag.» Og so vart det.[25] Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.[26] Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»[27] So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.[28] Og Gud velsigna deim, og Gud sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi!»

Salomos Ordsprog 6:6-8
[6] Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis![7] Han hev ingen hovding eller fut eller herre,[8] men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda.

Salmenes 8:6-9
[6] Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.[7] Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:[8] Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,[9] fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!

Jobs 12:7-10
[7] Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal,[8] og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg:[9] Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det?[10] Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje.

Esaias 11:6-9
[6] Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim.[7] Kui og bjørnen skal beita saman, ungarne deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse.[8] Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi inn i hola åt basilisken.[9] Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.

Predikerens 3:18-21
[18] Eg sagde med meg sjølv: «Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prova deim, so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr.[19] For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.[20] Alle gjeng til ein stad, alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.[21] Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»

Salmenes 148:7-12
[7] Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,[8] Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk,[9] de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar,[10] de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar;[11] de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,[12] de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921