A A A A A

God Karakter: [Dristighet]


Apostlenes Gjerninge 4:29-31
[29] Og no, Herre! sjå til deira trugsmål, og gjev dine tenarar å tala ditt ord med alt frimod,[30] med di du retter ut di hand til lækjing og teikn og under ved din heilage tenar Jesu namn!»[31] Og då dei hadde bede, skalv romet der dei var samankomne, og alle vart fyllte med den Heilage Ande, og dei tala Guds ord med frimod.

2 Korintierne 3:12
Sidan me då hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod

Apostlenes Gjerninge 14:3
Dei drygde då der ei lang tid og tala frimodigt i Herren, som vitna for sitt nådeord, med di han let teikn og under verta gjorde ved deira hender.

Apostlenes Gjerninge 13:46
Då tok Paulus og Barnabas til ords og sagde beint ut: «Det var naudsynlegt at Guds ord vart tala fyrst til dykk; men sidan de støyter det burt og ikkje dømer dykk sjølve verdige til det ævelege liv, sjå, so vender me oss til heidningarne.

Apostlenes Gjerninge 19:8
Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.

Filemon 1:8
Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,

Apostlenes Gjerninge 18:26
Og han tok til å tala frimodigt i synagoga. Då Priskilla og Akvilas høyrde honom, tok dei honom til seg og greidde Guds veg grannare ut for honom.

Markus 15:43
kom Josef frå Arimatæa, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um likamen åt Jesus.

Apostlenes Gjerninge 28:31
og han forkynte Guds rike og lærde um Herren Jesus med alt frimod og utan hinder.

Apostlenes Gjerninge 4:29-30
[29] Og no, Herre! sjå til deira trugsmål, og gjev dine tenarar å tala ditt ord med alt frimod,[30] med di du retter ut di hand til lækjing og teikn og under ved din heilage tenar Jesu namn!»

Salomos Ordsprog 28:1
Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.

1 Mosebok 18:23-32
[23] Og Abraham gjekk innåt og sagde: «Vil du då riva burt dei rettvise saman med dei gudlause?[24] Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld?[25] Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!»[26] Då sagde Herren: «Finn eg i Sodoma by femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.»[27] Og Abraham tok til ords att og sagde: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min, endå eg er mold og oska![28] Um det no skulde vanta fem på dei femti rettvise mennerne? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld?» og han svara: «Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja honom.»[29] Og Abraham heldt på og tala til honom, og sagde: «Um det no finst fyrti -?» og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, for dei fyrti skuld.»[30] Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar! Um det no finst tretti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, so sant eg finn tretti.»[31] Då sagde Abraham: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min! Um det finst no tjuge -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja byen, for dei tjuge skuld.»[32] Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar berre denne eine gongen til! Um det finst no ti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja honom, for dei ti skuld.»

Salmenes 138:3
Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.

Efeserne 3:12
han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom.

Johannes 4:17
«Eg hev ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann,» sagde Jesus;

Hebreerne 10:19
So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,

Hebreerne 4:16
Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!

Hebreerne 13:6
so me hugheilt kann segja: «Herren er min hjelpar, eg vil ikkje ottast; kva kann eit menneskje gjera meg?»

Efeserne 6:19-20
[19] og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet,[20] den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala.

Apostlenes Gjerninge 4:13
Men då dei såg slikt frimod hjå Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde lækfolk, undra dei seg; og dei kjende deim, at dei hadde vore med Jesus.

1 Timoteus 3:13
For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.

1 Tessalonikerne 2:2
Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.

Filippenserne 1:20
etter mi lengting og von, at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min likam, anten det vert ved liv eller ved daude.

2 Timoteus 1:7
For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.

1 Korintierne 16:13
Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke!

Salomos Ordsprog 14:26
Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd.

Salmenes 27:14
Venta på Herren, ver hugheil, og lat ditt hjarta verta sterkt. Ja, venta på Herren!

Romerne 1:16
For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.

1 Krønikebok 28:20
Og David sagde til Salomo, son sin: «Ver sterk og stød og tak fat på verket; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. For Gud Herren, min Gud, skal vera med deg. Han vil ikkje sleppa deg og slå handi av deg, fyrr det er fullført, alt arbeidet som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.

1 Korintierne 15:58
Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!

Efeserne 6:10
Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!

Esaias 54:4
Ottast ikkje, for du skal ikkje turva skjemmast, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje turva raudna. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og spotti frå enkjestandet skal du ’kje minnast meir.

Johannes 14:27
Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!

Markus 5:36
Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!»

Filippenserne 1:28
og ikkje i nokon ting let dykk skræma av deim som stend i mot; det er for deim ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud,

Johannes 7:26
og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias?

Apostlenes Gjerninge 5:29
Då svara Peter og apostlarne og sagde: «Ein skal lyda Gud meir enn menneskje.

Josvas 1:7
Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.

Esekiel 3:9
Som demant, hardare enn stein, gjer eg di panna. Du skal ikkje ottast deim og ikkje vera forfærd framfor deira åsyn, for ei tråssug ætt er dei.»

Apostlenes Gjerninge 9:29
og han tala med dei græsktalande jødarne og gav seg i ordskifte med deim. Dei lagde seg då etter å slå honom i hel.

Filippenserne 1:1
Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, til alle dei heilage i Kristus Jesus, som er i Filippi, med tilsynsmenner og tenarar for kyrkjelyden:

1 Timoteus 3:1
Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.

1 Korintierne 3:12
Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå,

Hebreerne 10:1
For sidan lovi berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve bilætet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera deim fullkomne som kjem fram med deim.

1 Peters 5:10
Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921