A A A A A

God Karakter: [Godkjennelse]


1 Korintierne 5:11-13
[11] men eg skreiv til dykk at de ikkje skal hava umgjenge med nokon, som er kalla bror og er ein horkar eller girug eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i saman med honom.[12] For kva hev vel eg med å døma deim som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor?[13] men Gud skal døma deim som er utanfor. So støyt då ut den vonde frå dykk sjølve!

1 Johannes 1:9
Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd.

1 Peters 3:8-9
[8] Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke![9] Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning.

Johannes 3:16
For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.

Salomos Ordsprog 13:20
Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille.

Romerne 2:11
For Gud gjer ikkje skil på folk:

Romerne 5:8
men Gud syner sin kjærleik til oss med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar.

Romerne 8:31
Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?

Romerne 14:1-2
[1] Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankarne hans![2] Den eine hev tru til å eta alle slag, men den veike et berre urter.

Hebreerne 10:24-25
[24] og lat oss agta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar[25] og ikkje skil oss frå vår eigi samling som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.

Johannes 6:35-37
[35] Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.[36] Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur.[37] Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;

Kolossenserne 3:12-14
[12] Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,[13] so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og![14] Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!

Matteus 5:38-42
[38] De hev høyrt det er sagt: «Auga for auga og tonn for tonn!»[39] Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som gjer vondt. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og til honom.[40] Og vil nokon trætta til seg trøya di, so lat honom få kjolen med.[41] Og trugar nokon deg til å fylgja honom ei mil, so fylg du honom tvo mil.[42] Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg!

Matteus 25:34-40
[34] So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt![35] For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;[36] eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.»[37] Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg?[38] Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg?[39] Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?»[40] Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.»

Romerne 15:1-7
[1] Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.[2] Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing![3] For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.»[4] For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.[5] Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme,[6] so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader![7] Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra!

Romerne 14:10-19
[10] Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.[11] For det stend skrive: «So sant eg liver, segjer Herren, for meg skal kvart kne seg bøygja, og kvar tunga skal prisa Gud.»[12] So skal då kvar og ein av oss gjera Gud rekneskap for seg sjølv.[13] Lat oss difor ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so, at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar![14] Eg veit og er viss på det i Herren Jesus, at ingen ting er urein i seg sjølv; men dersom nokon held noko for ureint, so er det ureint for honom.[15] Fær bror din sorg for din mat skuld, so fer du ikkje lenger fram i kjærleik; før ikkje med din mat honom i fortaping som Kristus døydde for![16] Lat då ikkje det gode de hev, verta til spott![17] For Guds rike er ikkje eting og drikking, men rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande;[18] for den som tener Kristus i det, han er hugnadleg for Gud og tekkjeleg for menneskje.[19] Lat oss difor trå etter det som tener til fred og til uppbyggjing innbyrdes.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921