A A A A A

Gud: [Økonomisk velsignelse]


1 Samuels 2:7
Herren er den som gjer arm og gjer rik. Han dreg ned, men lyfter ogso upp.

2 Korintierne 8:9
For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig, då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike.

3 Johannes 1:2
Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.

Predikerens 9:10
Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera, for det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller visdom i helheimen som du gjeng til.

Galaterne 6:9
Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.

1 Mosebok 13:2
Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull.

Hoseas 4:6
Det er ute med folket mitt, av di det vantar kunnskap. Etter di du hev vanda kunnskap, so skal eg og vanda deg, so du ikkje vert min prest. Og etter di hev gløymt lovi åt din Gud, so skal eg og gløyma borni dine.

Jakobs 5:12
Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!

Johannes 6:12
Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!»

Lukas 6:38
Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»»

Lukas 12:34
For der skatten dykkar er, der vil og hjarta dykkar vera.

Salomos Ordsprog 10:22
D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til.

Salomos Ordsprog 11:14
Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.

Salomos Ordsprog 19:17
Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning.

Salomos Ordsprog 21:17
Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.

Salomos Ordsprog 22:9
Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.

Salomos Ordsprog 28:22-27
[22] I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han.[23] Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si.[24] Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror.[25] Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing.[26] Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst.[27] Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.

Salmenes 24:1
Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.

Matteus 6:33
Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå!

Matteus 23:23
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.

Matteus 25:21
Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»

Romerne 13:8
Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.

Salomos Ordsprog 3:9-10
[9] Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.[10] Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine.

Salmenes 121:1-2
[1] Ein song til høgtidsferderne. Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå?[2] Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapa himmelen og jordi.

Markus 11:22-23
[22] Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud![23] Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.

1 Mosebok 1:26-27
[26] Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»[27] So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.

2 Korintierne 9:6-8
[6] Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta; og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.[7] Kvar gjeve som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.[8] Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,

Lukas 14:28-30
[28] Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han ’kje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det.[29] For hev han lagt grunnsteinarne, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det til å gjera narr av honom og segja:[30] «Den mannen tok til å byggja, og var ’kje god til å gjera det ferdigt!»

Lukas 6:34-36
[34] Og um de låner til deim som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? syndarane låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att.[35] Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.[36] Ver miskunnsame, som Far dykkar er!

Jakobs 5:1-3
[1] Og no, de rike, gråt og barma dykk for den ulukka som skal koma på dykk![2] Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mol-etne;[3] gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne.

1 Mosebok 12:1-20
[1] Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.[2] Og eg vil gjera deg til eit stort folk, og velsigna deg, og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning![3] Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.»[4] So tok Abram ut, som Herren hadde sagt honom fyre, og Lot var med honom. Og Abram var fem og sytti år gamall, då han flutte frå Kharan.[5] Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land.[6] Og Abram for framigjenom landet, alt til Sikemsbygdi, til Spåmannseiki. Og kananitarne budde då der i landet.[7] Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.[8] Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren.[9] Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet.[10] So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland, og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.[11] Då det leid so langt at dei mest var komne til Egyptarland, sagde han til Saraj, kona si: «Høyr no her du! Eg veit at du er ei fager kona.[12] Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans,» og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva.[13] Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»[14] Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kona, og tykte ho var ovfager.[15] Og hovdingarne åt Farao såg henne, og rosa henne for Farao. So vart kona henta til huset åt Farao.[16] Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drengjer og gjentor og asenfyljor og kamelar.[17] Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plågor for Saraj skuld, kona hans Abram.[18] Og Farao kalla Abram til seg og sagde: «Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?[19] Kvi sagde du at ho var syster di, so eg tok henne og vilde havt henne til kona? Sjå der hev du kona di! Tak henne og far din veg!»[20] Og Farao sette nokre menner til å fylgja honom ut or landet med kona hans og alt det han åtte.

Matteus 6:1-34
[1] Agta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningarne dykkar for augo på folk, so dei skal sjå kor gjæve de er! For då hev de ingi løn i vente hjå far dykkar i himmelen.[2] Vil du gjeva ei sælebotsgåva, so blås ikkje fyrst i luren um det, som hyklarane gjer i synagogorne og på gatorne, so folk skal rosa deim; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn![3] Men når du gjev ei sælebotsgåva, so lat ’kje den vinstre handi di vita kva den høgre handi di gjer![4] Lat gåva di vera duld, og far din som ser det som dult er, han skal løna deg upp i dagen![5] Når de bed, so far ikkje åt som hyklarane! For dei vil helst standa i synagogorne og på gatehyrno og halda bøn, so dei kann få syna seg fram for folk; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.[6] Men når du vil beda, då gakk inn i kammerset ditt, og lat att døri, og bed til far din som er i det dulde, og far din som ser i det dulde, skal løna deg upp i dagen.[7] Remsa ikkje upp mange ord når de bed! So gjer heidningarne - dei trur bønerne deira skal høyrast for dei mange ordi skuld.[8] Gjer då ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, fyrr de bed honom um det.[9] Soleis skal de beda: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast;[10] lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;[11] gjev oss i dag vårt daglege brød;[12] og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;[13] og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen.[14] For um de forlet andre misgjerningarne deira, so skal far dykkar i himmelen forlata dykk og;[15] men forlet de ikkje andre, so skal ikkje far dykkar heller forlata dykkar misgjerningar.[16] Når de fastar, skal de ikkje laga dykk sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andlitet, so folk skal sjå at dei fastar; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.[17] Men når du fastar, då salva hovudet og två andlitet ditt,[18] so ikkje folk, men far din i det dulde, kann sjå at du fastar, og far din som ser i det dulde, skal løna deg.[19] Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel,[20] men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mol eller makk øydelegg, og tjuvar aldri bryt seg inn og stel![21] For der skatten din er, der vil hjarta ditt og vera.[22] Auga er ljoset i likamen; er auga ditt klårt, so vert heile likamen ljos;[23] er auga ditt dimt, so vert heile likamen myrk. Når då ljoset inni deg er myrkt, kor stort vert ikkje myrkret då![24] Ingen kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda utav den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin; de kann ikkje tena både Gud og Mammon.[25] Difor segjer eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for likamen dykkar, kva de skal klæda dykk med! Er ikkje livet meir enn maten og likamen meir enn klædi?[26] Sjå på fuglarne i lufti: Dei sår ikkje, og haustar ikkje, og samlar ikkje i hus, og far dykkar i himmelen føder deim like vel. Er ikkje de mykje meir enn dei?[27] Og kven av dykk kann leggja ei einaste aln til livsvegen sin, um han syter aldri so mykje?[28] Og kvi syter de for klædi? Sjå liljorne på marki, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje, dei spinn ikkje;[29] men eg segjer dykk at ikkje sjølve Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.[30] Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, skulde han då ’kje mykje heller klæda dykk, de fåtruande![31] So må de då ikkje syta og segja: «Kva skal me eta?» eller: «Kva skal me drikka?» eller: «Kva skal me klæda oss med?»[32] For alt det spør heidningarne etter; men far dykkar i himmelen veit at alt sovore treng de um.[33] Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå![34] So syt då ikkje for morgondagen! Morgondagen lyt syta for seg. Kvar dag hev nok med si møda.

5 Mosebok 28:1-68
[1] Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.[2] Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du vil høyra på røysti åt Herren, din Gud:[3] Velsigna vere du i by! Velsigna vere du på land![4] Velsigna barnet i ditt fang! Velsigna avlen av di jord! Velsigna buskapen du el, Velsigna kalv og lamb og kid![5] Velsigna hjå deg korg og trog![6] Velsigna ver du når du kjem inn! Velsigna ver du når du gjeng ut![7] Når fiendarne reiser seg mot deg, skal Herren fella deim ned for din fot; på ein veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei ljota fly.[8] Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjå deg i buderne dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl uti det landet han hev etla deg.[9] Ja, til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt åt honom sjølv, som han hev lova deg, so framt du held hans bod og ferdast på hans veg;[10] og alle folk på jordi skal få sjå at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal ræddast deg.[11] Nøgdi av alt som godt er skal Herren senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, og du skal bu og byggja i det land han lova federne å gjeva deg.[12] Si rike bud i himmelen skal han lata upp for deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.[13] Til hovud skal Herren setja deg, og aldri skal du verta hale. Høgre og høgre skal du stiga upp, og aldri meir skal du siga ned, so sant du berre lyder Herrens bod - deim som eg no legg fram for deg, so du skal halda deim og liva etter deim -[14] og aldri tek utav den rette leid, og gløymer ordi som eg lærde deg, og fylgjer nokon annan Gud, og bed til honom.[15] Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du ’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:[16] Forbanna vere du i by! Forbanna vere du på land![17] Forbanna hjå deg korg og trog![18] Forbanna borni som du fær! Forbanna avlen av di jord! Forbanna buskapen du el, forbanna kalv og lamb og kid![19] Forbanna ver når du kjem inn! Forbanna ver når du gjeng ut![20] Forbanning, støkk og trugsmål sender Herren yver deg, kva du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, for di du jamt hev gjort so mykje vondt og falle frå din Gud.[21] Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er på vegen til og skal slå under deg.[22] Med sott som syg og brenn skal han søkja deg, med hiteflagor og med verk og svull, med turkår og med moldaks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.[23] Himmelen uppyver deg skal vera som eit kopartak, og jordi under føterne dine som av jarn.[24] Regnet i landet ditt skal verta dust og sand, som fell nedyver deg til du vert kjøvd.[25] For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.[26] Til mat for fuglarne i lufti vert ditt lik, og for dei ville dyri; ingen jagar deim.[27] Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og sårke, utan lækjevon;[28] vitløysa, hjartestøkk og blindskap sender han;[29] då lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, den blinde lik som all tid gjeng i myrkrer, og aldri når du målet som du stemnar mot. Plåga og plundra vert du dag for dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.[30] Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt, fær du ’kje bu; av hagen du hev stelt, fær du ’kje frukt.[31] Slagta vert uksarna dine med du ser på det; men du fær ikkje smaka deira kjøt; asni vert rana frå deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauerne - ingen hjelper deg.[32] Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg såre etter deim all dagen lang; men det er ingi magt i handi di.[33] Eit folk du ikkje kjenner, et upp det som du hev avla på di fedrejord, og alt som du hev vunne med ditt stræv; trælka og trådd på vert du jamt og samt.[34] Du kjem til å missa vitet av den syn som du lyt sjå for augo dine stødt.[35] Med vonde verker søkjer Herren deg, på kne og legg, frå hovud og til fot, og aldri fær du att helsa meir.[36] Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;[37] ein spegel, eit ordtøke og ei spott vert du for alle folk som Herren let deg koma til.[38] På åkrarne sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashopparne gneg brodden av.[39] Vinhagar kostar du, og dyrkar deim; men aldri fær du drukke eller lagt vin; for makken et upp både blom og blad.[40] I heile landet er det oljetre; men endå fær du aldri salva deg; det kastar karten, oljetreet ditt.[41] Born fær du, men du må ’kje hava deim; for dei vert hertekne og førde burt.[42] Avåtet legg seg tett på alle tre og grøda som veks upp av jordi di.[43] Den framande som bur hjå deg stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig allstødt djupare og djupare.[44] Han hev so han kann låna burt til deg, men du hev inkje å låna honom; han vert til hovud, og du vert til hale.[45] Og alle desse våbønerne kjem yver deg og råmar deg, so du vert øydelagd, for di du ikkje lydde Herrens ord, og ikkje heldt hans bod og loverne han gav.[46] Og dei skal verta til eit bisn og teikn, som allstødt fylgjer deg og ætti di.[47] For di du ikkje tente Herren din med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,[48] so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.[49] Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -[50] eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamall er, og ingen medynk med den som er ung;[51] dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.[52] Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge, sterke murarne du lit på, fell i heile riket ditt; dei kringset deg i alle byarne i heile landet Gud hev gjeve deg.[53] Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.[54] Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror, og på si kona, som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,[55] og ikkje nennast gjeva deim ein grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver honom når dei kringset dykk i kvar borg og by.[56] Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son, og dotter si,[57] og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.[58] Held du ’kje alle bod i denne lov, deim som stend skrivne her i denne bok, ottast du ikkje det høgheilage og agelege namnet åt din Gud,[59] skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og endelause vonde sjukdomar.[60] Egyptar-sjukarne som du er so rædd, deim skal han føra yver deg på ny, og dei skal alle hanga atti deg.[61] Og kvar ei sott og kvar ei ulukka som er unemnd i denne lovboki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heiltupp tynt og øydelagd,[62] og de som fyrr var liksom stjernorne på himmelen i tal, skal minka burt, so de er att berre tvo, tri mann, for di du ikkje lydde Herrens bod.[63] Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i å gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg når han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp utor det land de no vil inn i og slå under dykk.[64] Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,[65] og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;[66] då tykkjer du ditt liv heng etter eit hår; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg for livet ditt.[67] Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» Slik rædsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.[68] På skip skal Herren senda dykk attende til Egyptarland, den vegen som eg sagde deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut i mengd åt dykkar fiendar til trælar og til trælkvende, men ingen idest kjøpa dykk.»

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921