A A A A A

Gud: [Forbannelse]


3 Mosebok 20:9
Den som bannar far sin og mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor: blodet hans kjem på honom sjølv.

5 Mosebok 28:15
Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du ’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:

2 Mosebok 21:17
Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.

Jeremias 15:10
Eie meg, mor mi, at du skulde føda meg, meg som alle folk i landet strider og trættar med! Ikkje hev eg lånt deim og ikkje hev dei lånt meg, og endå bannar dei meg alle i hop.

Galaterne 3:13
Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -

2 Mosebok 34:7
Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev brot og misgjerning og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter deim att.»

Lukas 6:28
Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk!

4 Mosebok 14:18
«Herren er tolug og rik på nåde. Han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter deim.»

1 Mosebok 3:17
Og til mannen sagde han: «For di du lydde kona di, og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine livedagar.

Salomos Ordsprog 26:2
Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.

5 Mosebok 5:9
Du skal ikkje bøygja kne for deim, og ikkje beda til deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av deim som hatar meg,

Galaterne 5:1
Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!

2 Mosebok 20:5
Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,

2 Korintierne 5:17
Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt!

1 Johannes 4:4
Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.

2 Samuels 16:5-8
[5] Då kong David so kom til Bahurim, kom ut derifrå ein mann av Sauls-ætti, Sime’i Gerason heitte han. Han gjekk og banna[6] og kasta stein etter David og alle kongstenarane, endå heile heren og det djervaste stridsfolket gjekk på båe sidor av kongen.[7] Soleis banna Sime’i: «Burt, burt med deg, din blodhund! din niding![8] Herren let no alt blodet frå Sauls hus koma att yver deg, du som vart konge i hans stad. Herren gjev no kongedømet til Absalom, son din. Sjå no hev du fenge ulukka etter fortenesta! ein blodhund er du!»

5 Mosebok 21:23
so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda honom same dagen; for Guds forbanning ligg på den som er upphengd, og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren, din Gud, hev gjeve deg til odel og eiga.

2 Mosebok 20:5-6
[5] Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,[6] men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.

1 Samuels 17:43
Filistaren ropa til David: «Meinar du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar?» Og han banna David ved guden sin.

Esekiel 18:20
Den sjæli som syndar, ho skal døy. Son skal ikkje bera syndeskuldi åt far sin, og far skal ikkje bera syndeskuldi åt son sin. Yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den gudlause skal hans gudløysa vera.

Jeremias 31:29-30
[29] I dei dagarne skal dei ikkje lenger segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtente.»[30] Men kvar og ein skal døy for si eigi misgjerd; kvar den mann som et sure druvor, skal sjølv verta sårtent.

2 Mosebok 20:6
men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.

5 Mosebok 18:10-12
[10] Hjå deg må ingen finnast som vigjer barnet sitt i elden, ingen spåmann eller viskall, ingen som fer med å leggja ut teikn, ingen trollmann[11] eller åndemanar, ingen som spør daudingar og hamar, eller søkjer råd hjå dei avlidne.[12] For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.

Romerne 8:37-39
[37] Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss.[38] For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,[39] korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

1 Peters 5:8-9
[8] Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;[9] statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!

1 Mosebok 3:17-19
[17] Og til mannen sagde han: «For di du lydde kona di, og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine livedagar.[18] Torn og tistel skal ho bera deg, og du skal eta urterne på marki.[19] Med sveiten i andlitet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.»

1 Mosebok 4:10-12
[10] Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi![11] Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.[12] Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.»

1 Mosebok 9:18-27
[18] Og Noahs-sønerne, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kham og Jafet. Og Kham var far åt Kana’an.[19] Desse tri var sønerne hans Noah, og frå deim hev alle folk på jordi greina seg ut.[20] Og Noah var jorddyrkar, og han var den fyrste som gjorde ein vinhage.[21] Og han drakk av vinen, og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbudi.[22] Og då Kham, far åt Kana’an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sagde det med båe brørne sine.[23] Då tok Sem og Jafet ei kåpa og lagde på herdarne sine, og gjekk inn baklengs, og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin.[24] Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot honom.[25] Då sagde han: «Forbanna skal Kana’an vera! Den lågaste av alle trælar skal han vera for sine brøder.»[26] So sagde han: «Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana’an vera hans træl![27] Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana’an vere hans træl.»

1 Kongebok 2:32-46
[32] Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.[33] Ja, blodet deira skal koma att yver hovudet åt Joab og avkjømet hans i all æva. Men David og hans avkjøme og huset og kongsstolen hans skal Herren gjeva fred i all æva.»[34] Benaja Jojadason gjekk so upp og slo honom ned og tok livet av honom, og han vart jorda attmed huset sitt i øydemarki.[35] Og kongen sette Benaja Jojadason i hans stad yver heren, og sette presten Sadok i romet etter Abjatar.[36] Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad.[37] For det skal du vita, at den dagen du gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy. Då skal blodet ditt koma yver hovudet ditt.»[38] Og Sime’i sagde til honom: «Godt; som min herre kongen hev sagt, soleis skal tenaren din gjera.» Og Sime’i budde no i Jerusalem ei tid frametter.[39] So hende det, då tri år var farne, at tvo av trælarne hjå Sime’i rømde til Akis Ma’akason, kongen i Gat. Og då Sime’i frette at trælarne hans var i Gat,[40] sala han asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter deim; Sime’i tok i veg og fekk trælarne sine med seg heim frå Gat.[41] Då no Salomo fekk tiend um at Sime’i var faren ut or Jerusalem og til Gat og var komen att,[42] sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Hev eg ikkje teke ein eid av deg ved Herren og åtvara deg og sagt: «Det skal du vita, at den dagen du gjeng ut og fer nokon stad av, skal du døy?» Og du sagde: «Det er godt; eg hev høyrt det.»[43] Kvi hev du då ikkje agta på eiden din ved Herren, og den fyresegn eg gav deg?»[44] Og kongen heldt fram og sagde til Sime’i: «Du veit sjølv alt det vonde du hev gjort David, far min; hjarta ditt kjenner det. Herren skal no lata vondskapen din koma att yver ditt eige hovud.[45] Men kong Salomo skal verta velsigna, og Davids kongsstol standa fast for Herrens åsyn i all æva.»[46] Etter bod frå kongen gjekk so Benaja Jojadason ut og hogg honom ned, og han døydde. Og Salomo heldt kongedømet med endå fastare hand.

Jobs 2:9
Då sagde kona hans til honom: «Er du endå ulasteleg? Banna Gud, so du kann få døy!»

Jobs 19:17
min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør.

Jobs 1:10
Du hev då verna um honom og huset hans og alt han eig! Alt hans yrke hev du signa, og buskaparne hans hev breider seg ut i landet.

Efeserne 6:10-17
[10] Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft![11] Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens svikråder![12] For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.[13] Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.[14] So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning og klædde i rettferds-brynja,[15] og umbundne på føterne med den tilbunad som evangeliet um freden gjev.[16] Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde![17] og tak frelse-hjelmen, og Andens sverd, som er Guds ord,

Matteus 5:22
Men eg segjer dykk at den som er vond på bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer til bror sin: «Din stakar!» han skal koma for rådet; og den som segjer: «Din dåre!» han skal koma i helviteselden.

Romerne 3:23
alle hev synda og vantar æra for Gud,

Romerne 6:23
For den løn som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er ævelegt liv i Kristus Jesus, vår Herre.

1 Mosebok 9:25
Då sagde han: «Forbanna skal Kana’an vera! Den lågaste av alle trælar skal han vera for sine brøder.»

Salmenes 104:9
Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.

1 Mosebok 6:12
Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.

1 Mosebok 7:20
Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.

1 Mosebok 8:5-9
[5] Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg.[6] Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort,[7] og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi.[8] So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki.[9] Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki.

1 Mosebok 9:11
Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.»

Romerne 12:14
Velsigna deim som forfylgjer dykk; velsigna, og banna ikkje!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921