A A A A A

Dårlig Karakter: [Mobbing]


1 Johannes 2:9
Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret.

1 Johannes 3:15
Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg.

2 Timoteus 1:7
For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.

5 Mosebok 31:6
Ver sterke og djerve! Ræddast ikkje, og skjelv ikkje for deim! For Herren, din Gud, gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg.»

Efeserne 4:29
Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på,

Efeserne 6:12
For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.

3 Mosebok 19:18
Du skal ikkje hemna deg og ikkje bera agg til nokon av landsfolket ditt, men du skal vilja grannen din likso vel som deg sjølv. Kom i hug: eg er Herren.

Matteus 5:11
Sæle er de når dei spottar dykk og forfylgjer dykk og talar berre vondt um dykk for mi skuld, og lyg det.

Salomos Ordsprog 17:9
Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven.

Salomos Ordsprog 22:10
Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.

Salomos Ordsprog 24:16
For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.

Salmenes 138:7
Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.

Romerne 2:1
Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same;

Romerne 12:18-19
[18] So framt det er mogelegt, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneskje![19] Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.»

Romerne 12:20-21
[20] Um då fienden din er hungrig, so gjev honom mat; er han tyrst, so gjev honom drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.[21] Lat ikkje det vonde vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!

Lukas 6:27-28
[27] Men åt dykk segjer eg, de som høyrer: «Elska fiendarne dykkar! Gjer vel mot deim som hatar dykk![28] Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk!

Matteus 5:44-45
[44] Men eg segjer dykk: Elska fiendarne dykkar, velsigna deim som bannar dykk, gjer vel mot deim som hatar dykk, og bed for deim som forfylgjer dykk![45] då er de rette borni åt far dykkar i himmelen; for han let soli si skina yver vonde og gode, og let det regna yver rettferdige og urettferdige.

Esaias 41:11-13
[11] Sjå, dei vert til spott og skam, dei som harmast på deg; dei vert til inkjes, gjeng til grunns, dei som trættar med deg.[12] Leitar du, finn du deim ikkje, dei som stridar mot deg; dei vert til null og ingen ting dei som krigar mot deg.[13] For eg er Herren, din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje rædd! Eg hjelper deg.

Matteus 5:38-41
[38] De hev høyrt det er sagt: «Auga for auga og tonn for tonn!»[39] Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som gjer vondt. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og til honom.[40] Og vil nokon trætta til seg trøya di, so lat honom få kjolen med.[41] Og trugar nokon deg til å fylgja honom ei mil, so fylg du honom tvo mil.

Salmenes 34:12-18
[12] Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.[13] Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?[14] Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale![15] Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom![16] Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.[17] Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.[18] Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921