A A A A A

Engler og Demoner: [Erkeenglene]


Judas 1:9
Men då yverengelen Mikael trætta med djevelen um Mose likam, våga han ikkje å segja ein spottande dom, men sagde: «Herren refse deg!»

Daniel 10:13-21
[13] Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingarne, og hjelpte meg, medan eg fyrr hadde stade der åleine mot persarkongarne.[14] Og no er eg komen og vil segja deg kva som skal hendast folket ditt i endetidi; for dette er og ei syn som sigtar på framtidi.»[15] Medan han soleis tala til meg, vende eg andlitet mitt mot jordi og tagde.[16] Men sjå, ein som var lik eit menneskje, tok på lipporne mine. Då let eg upp munnen min og tala og sagde til honom som stod framfyre meg: «Herre min, ved den syni eg hev set, hev det kome slik verk yver meg, at eg eig ingi magt meir.[17] Kor skulde og tenaren til herren min, ein sovoren som eg, kunna tala med ein slik ein som herren min er? Og ingi magt er det i meg meir, eg evlar no ikkje å anda.»[18] Han som såg ut som eit menneskje, tok då atter i meg og styrkte meg. Han sagde: «Ottast ikkje, du gjæve mann! Fred vere med deg! Ver sterk, ja, ver sterk!» Då han tala med meg soleis, kjende eg kor eg styrktest, og eg sagde: «Tala, herre min, for no hev du styrkt meg.»[19] Då sagde han: «Kann du skyna kvifor eg er komen til deg? Men eg lyt straks venda attende og strida mot hovdingen yver Persia, og når eg dreg ut, kjem Javan-hovdingen.[20] Like vel vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det er ikkje ein som hjelper meg mot desse utan Mikael, hovdingen dykkar.[21] Og eg stod og ved hans sida til hjelp og til vern det fyrste styringsåret åt medaren Darius.»

Daniel 12:1
«På den tidi skal Mikael stiga fram, den store hovdingen som stend verja for borni åt folket ditt; og det kjem ei trengsletid som det ikkje hev vore makan til alt frå den dagen då det vart folk til, og like til den tidi. Men på den tidi skal alle dei av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki.

1 Tessalonikerne 4:16
for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;

Daniel 9:21
endå medan eg tala soleis i bøn, kom Gabriel til meg, den mannen som eg fyrr hadde set i syni, den gongen eg seig i uvit; og det var ved det bilet då kveldsofferet vart frambore.

Daniel 8:11-16
[11] Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; han tok burt det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.[12] Saman med det daglege offeret vart og ein herskare gjeven til pris for brot skuld. Og det slo sanningi ned til jordi, og det lukkast vel, alt det tok seg til.[13] Sidan høyrde eg ein heilag som tala, og ein annan heilag spurde honom som tala: «Kor lang tid sigtar ho på, syni um det daglege offeret og um brotet som valdar øyding, og um nedtrakkingi av både heilagdom og her?»[14] Då svara han meg: «Tvo tusund og tri hundrad kveldar og morgnar; etter det skal heilagdomen koma til retten sin att.»[15] Då eg, Daniel, no hadde set denne syni og freista skyna henne, fekk eg sjå at det stod noko framfyre meg, som liktest ein mann.[16] Og midt yver Ulai høyrde eg ei mannerøyst, som ropa og sagde: «Gabriel, tyd syni for denne mannen!»

Apenbaring 12:7-9
[7] Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar stridde med draken, og draken stridde, og hans englar.[8] Og dei vann ikkje, og deira stad vart ikkje heller meir funnen i himmelen.[9] Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som dårar heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englarne hans vart kasta ned med honom.

Lukas 1:26
Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,

Hebreerne 1:14
Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?

Josvas 5:13-15
[13] Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?»[14] «Nei», svara han, «eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen.» Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sagde: «Kva hev herren min å segja tenaren sin?»[15] Då svara hovdingen yver Herrens her: «Drag skoen av foten din! for den staden du stend på, er heilag.» Og Josva gjorde so.

Matteus 18:10
Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.

2 Mosebok 3:2
Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.

Apenbaring 1:4
Johannes til dei sju kyrkjelydarne i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå honom som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,

Matteus 22:30
For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.

Jobs 1:6
Men so hende det ein dag at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren; og millom deim var og Satan.

Lukas 20:36
dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921