A A A A A

Ytterligere: [Kannibalisme]


Jeremias 19:9
Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.»

Esekiel 5:10
Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine. Og eg vil halda dom hjå deg, og strå alt som vert att av deg for alle vindar.

3 Mosebok 26:29
Då skal de nøydast til eta kjøtet av sønerne dykkar og kjøtet av dykkar døtter.

2 Kongebok 6:28-29
[28] Kva er i vegen med deg?» spurde kongen. Ho svara: «Denne kona her sagde med meg: «Kom med son din, so skal me eta honom i dag, so kann me eta son min i morgon!»[29] So koka me son min og åt honom upp. Men då eg andre dagen sagde til henne: «Kom med son din, so me kann eta honom!» då løynde ho son sin.»

Klagesangene 4:10
Hjartemilde kvende koka sjølve sine eigne born; dei hadde deim til mat, då mitt folks dotter vart tynt.

Klagesangene 2:20
Sjå, Herre, og skoda etter! Kven annan for du åt soleis? Skal kvende sitt avkjøme eta, småborn, som på armar dei ber? Skal ein slå i Herrens heilagdom prest og profet i hel?

5 Mosebok 28:53-57
[53] Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.[54] Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror, og på si kona, som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,[55] og ikkje nennast gjeva deim ein grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver honom når dei kringset dykk i kvar borg og by.[56] Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son, og dotter si,[57] og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.

1 Mosebok 1:26-27
[26] Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»[27] So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.

2 Korintierne 5:8
Me er då frimodige og hyggjer oss meir til å koma burt frå likamen og koma heim til Herren.

Lukas 16:19-26
[19] Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag.[20] Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,[21] og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans.[22] So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.[23] Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans.[24] Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.»[25] «Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.[26] Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.»

Apenbaring 20:11-15
[11] Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim.[12] Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna, og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som var skrive i bøkerne, etter gjerningarne sine.[13] Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar.[14] Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen.[15] Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen.

5 Mosebok 28:53
Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.

1 Korintierne 14:34-35
[34] Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer.[35] Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling.

Lukas 1:37
for ingen ting er umogeleg for Gud.»

Johannes 1:1
I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.

5 Mosebok 28:57
og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.

1 Timoteus 2:11-15
[11] Ei kvinna skal lata seg læra i stilla med all lydnad.[12] Men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å læra eller å bjoda yver mannen, men å vera i stilla.[13] For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;[14] og Adam vart ikkje dåra; men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.[15] Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med æra.

1 Timoteus 5:3-16
[3] Heidra enkjor som verkeleg er enkjor![4] Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat deim fyrst læra å visa eit gudlegt huglag imot sitt eige hus og gjeva sine foreldre vederlag, for det er tekkjelegt for Guds åsyn.[5] Men den som verkeleg er enkja og einsleg vorti, ho hev sett si von til Gud og held ved i bøn og påkalling natt og dag;[6] men den som liver etter lysterne sine, er livande daud.[7] Og dette skal du bjoda, so dei må vera ulastelege![8] Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for sine husfolk, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande.[9] Ei enkja kann verta vald, når ho ikkje er yngre enn seksti år, um ho hev vore ein manns kona,[10] hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmilda, hev tvætta føterne til dei heilage, hev vore dei naudtrengde til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning.[11] Men vis dei unge enkjor frå deg! for når dei av kjøtleg hug svik Kristus, so vil dei gifta seg,[12] og hev dermed den dom at dei hev brote si fyrste tru.[13] Men attåt dette lærer dei og å ganga yrkjelause og fare ikring i husi, og ikkje berre yrkjelause, men og med drøsor og gagnløysa, med di dei fer med ulikleg tale.[14] Eg vil difor at unge enkjor skal gifta seg, føda born, styra huset, ikkje gjeva motstandaren tilhøve til lastord.[15] For sume hev alt vendt seg burt etter Satan.[16] Dersom nokon truande mann eller kvinna hev enkjor, so syta dei for deim, og lata ikkje kyrkjelyden verta tyngd, so han kann syta for dei verkelege enkjor!

1 Korintierne 11:2-16
[2] Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.[3] Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.[4] Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.[5] Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.[6] For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad![7] For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.[8] For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.[9] For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.[10] Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.[11] Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.[12] For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.[13] Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?[14] Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,[15] men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.[16] Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921