A A A A A

Ytterligere: [Knust hjerte]


1 Korintierne 13:7
Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

1 Peters 5:7
Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!

1 Samuels 16:7
Men Herren sagde til Samuel: «Skoda ikkje på kor han ser ut, kor stor og høg han er på vokster; for honom vil eg ikkje hava. Det munar ikkje det menneskja ser; menneskja ser på utsyni, men Herren ser på hjarta.»

2 Korintierne 5:7
for me ferdast i tru, men ikkje i syn.

2 Korintierne 12:9
Og han sagde til meg: «Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmagt.» Helst vil eg difor rosa meg av mi vanmagt, so Kristi kraft kann bu i meg.

Hebreerne 13:5
Lat dykkar ferd vera utan pengehug, og ver nøgde med det de hev! for han hev sagt: «Eg skal so visst ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg,»

Esaias 6:1
Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet.

Esaias 41:10
ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.

Esaias 57:15
For so segjer han som er høgt upphøgd, han som trunar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi, for eg vil vekkja åndi til liv hjå dei bøygde, og hjarta til liv hjå dei brotne.

Jeremias 29:11
For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.

Johannes 3:16
For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.

Johannes 12:40
«Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.»

Johannes 14:1
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

Johannes 14:27
Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!

Johannes 16:33
Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»

Lukas 24:38
Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?

Markus 11:23
Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.

Matteus 5:8
Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud.

Matteus 11:28
Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.

Salomos Ordsprog 3:5
Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!

Salmenes 34:18
Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.

Salmenes 51:17
Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris.

Salmenes 55:22
Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.

Salmenes 147:3
Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.

Apenbaring 21:4
Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»

Romerne 8:28
Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.

Romerne 12:2
og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.

Salomos Ordsprog 4:23
Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det.

Salomos Ordsprog 3:5-6
[5] Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit![6] Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.

1 Korintierne 6:19-20
[19] Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?[20] For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!

Filippenserne 4:6-7
[6] Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing![7] Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.

Matteus 11:28-30
[28] Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.[29] Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.[30] For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»

Salmenes 34:1-22
[1] Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt.[2] Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.[3] Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.[4] Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn![5] Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.[6] Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.[7] Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.[8] Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.[9] Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.[10] Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.[11] Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.[12] Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.[13] Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?[14] Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale![15] Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom![16] Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.[17] Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.[18] Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.[19] Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.[20] Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.[21] Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.[22] Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka. Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921