A A A A A

Ytterligere: [Abomination]


Daniel 11:31
Og herar som han sender ut, skal koma og skamfara heilagdomsborgi og taka burt det daglege offeret, og den øydande styggedomen skal dei setja upp.

Daniel 12:11
Og frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund tvo hundrad og nitti dagar.

5 Mosebok 22:5
Eit kvende må ikkje ganga i karmannsbunad, og ein kar må ikkje klæda seg i kvendeklæde; for dei som det gjer, er avstyggjelege for Herren, din Gud.

5 Mosebok 23:18
Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud.

5 Mosebok 24:4
so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er avstyggjelegt i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga.

Esaias 1:13
Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje!

3 Mosebok 7:18
Dersom nokon et av takkofferkjøtet tridje dagen, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og det vert ikkje rekna den til gode som bar det fram; det skal haldast for utskjemt og ureint, og den som et av det, gjer ei misgjerning som han kjem til å lida for.

3 Mosebok 18:22
Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.

Salomos Ordsprog 11:1
Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.

Salomos Ordsprog 11:20
Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.

Salomos Ordsprog 12:22
Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.

Salomos Ordsprog 15:8
Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt.

Salomos Ordsprog 15:26
Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine.

Salomos Ordsprog 16:5
Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst.

Salomos Ordsprog 17:15
Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.

Salomos Ordsprog 20:10
Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.

Salomos Ordsprog 20:23
Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.

Salomos Ordsprog 28:9
Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.

Apenbaring 21:27
Og inkje ureint skal koma inn i honom, og ingen som fer med styggedom og lygn; berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.

Markus 13:14
Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde» - agte vel på dette, du som les! - «då lyt dei som er i Judaland røma til fjells;

Matteus 24:15
Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -

Romerne 1:26-27
[26] Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige,[27] og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.

3 Mosebok 20:12-13
[12] Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk, og blodet deira kjem på deim sjølve.[13] Ligg nokon hjå ein kar, som ein ligg hjå eit kvende, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kjem på deim sjølve.

Salomos Ordsprog 6:16-20
[16] Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:[17] Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,[18] hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,[19] den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.[20] Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di!

Norwegian Bible 1921
Public Domain: 1921