A A A A A


Søke

Matteus 4:10
Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena. »


Matteus 12:26
Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?


Matteus 16:23
Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»


Markus 1:13
og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.


Markus 3:23
Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?


Markus 3:26
Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han.


Markus 4:15
Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei.


Markus 8:33
Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»


Lukas 10:18
Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.


Lukas 11:18
Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.


Lukas 13:16
Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»


Lukas 22:3
Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv.


Lukas 22:31
Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.


Johannes 13:27
Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»


Apostlenes Gjerninge 5:3
Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?


Apostlenes Gjerninge 26:18
for å opna auga deira, så dei vender om frå mørker til lys, frå Satans makt til Gud, og får tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.’


Romerne 16:20
Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!


1 Korintierne 5:5
Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag.


1 Korintierne 7:5
Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande.


2 Korintierne 2:11
så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.


2 Korintierne 11:14
Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.


2 Korintierne 12:7
Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.


1 Tessalonikerne 2:18
og difor ville vi koma til dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger, men Satan hindra oss.


2 Tessalonikerne 2:9
Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.


1 Timoteus 1:20
Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.


1 Timoteus 5:15
Nokre har alt vendt seg bort og følgt Satan.


Apenbaring 2:9
Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er — men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge.


Apenbaring 2:13
Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.


Apenbaring 2:24
Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.


Apenbaring 3:9
Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.


Apenbaring 12:9
Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.


Apenbaring 20:2
Han greip draken, den gamle slangen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.


Apenbaring 20:7
Og når dei tusen åra er til ende, skal Satan sleppast laus frå fengselet sitt.


Norwegian Bible (Nynorsk) 2011
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies)